Archive | desember, 2013

Romjulsdraum 4…..

Like før klokka kimar det nye året inn… Eit nytt år har meldt sitt komme…. nyttårsforsett? Trur ikkje det…. er gammal nok til å hugse at slike forsett var vanskelege… noko blei vrangt og noko gjekk på skeive… og noko gjekk rett så bra…. og eg er ung nok til å håpe på at eg […]

Romjulsdraum 3

I desse vareteljingsdagar….  For 17 år sidan sa eg farvel til jobben min. Ville prøve ut andre talent enn å vere lærar. Eg møtte mange gleder og utfordringar. Eg møtte mange nye vesen i den nye livet mitt. Eg møtte kommunale vesen…. mellom andre skattevesenet….Det var nytt og ukjent…. Sjølvmeldinga var levert og eg kom […]

Romjulsdraum 2

Huset ved vegen Romjulsdagar med fred og stilla gjev tankar fram og attover… til det som var. Menneske eg møtte langsmed vegen… som sette sine spor…. Dei som gjekk føre og gav niste med på vegen…. gav oss ein arv å odle…. gav oss rikdom større enn gullmyntar i ei kiste…. Her er hus langsmed […]

Romjulsdraum

Julebrev adresse Jorda….. Nokre tankebanar kring verda og korleis vi styrer og steller vår forunderleg vakre buplass i Vintergatan….. Når Vårherre tar et kveldsblikk over sine mange kloder blir han litt betenkt og i fundering om hvor lite de har husket av hva han nevne før han sendte dem til hver sin ende av det […]

Juleglede 3

Den eviglange dagen…. I min barndom – på 50talet – var ‘De ti bud’ LOV i einkvar heim ….. og i tillegg nokre andre bodord og påbod og reglar om dagleg liv og levnad. For oss ungane sette desse reglane uforståelege avgrensingar på aktivitet, somme tider. Førstedag jul var ein lang dag! Vi fekk nemleg ikkje […]

Juleglede 2

Betlehem i Afrika eller Norge….. Det gjekk ut ein gjetar ein stad i utmarka han såg til sauen sin og gledde seg over alle englane i det høge graset …englane song og freden var med han Englane song eingong for hyrdingflokken vakkert lydde det og det gledde sjeler og folket gjekk for å finne barnet […]

Juleglede

Det store gloria Det var songarstemne…i Balestrand…..songaråret sitt klimaks. Veslemøy på 7 fekk vere med på den store konserten i gymsalen på Statsrealskulen. Alle kora vart lytta til men skarpt øyre og vakent blikk. Så kjem det.  .. det er frå barnemunn ein får høyre det beint fram utan omsvøp: Hør på henne som syng […]

Adventvent 24

Frå 8000 meters høgd…. Eit av mine sterkaste førjulsminne…tida i revers til Anno Domine 1964…  det vil alltid vere i mitt indre. Bardufoss flyplass… eg sat på juleflyet på veg heim etter eit halvt års virke som lærar i førsteklasse på Elvetun. Den Nord-Norske vinteren var mørk og vakker. Mange inntrykk frå skumringslys midt på […]

Adventvent 23

Lys over land…. ‘solverv for hjertene bange’…… kor forunderleg annleis heile naturen vert med eit lite solstreif. Den livgjevande sol…. det magiske lyset over fjord og fjell. Allnaturen og vi hungrar etter solgløtt i mørketider…… berre ein liten strime. Fargespekteret vert eit anna….kvar einskild farge får eit vell av sjatteringar, grønt er ikkje berre grønt […]

Adventvent 21

Min barndoms fjell ‘Landskapet ein bur inne i set spor i hugen. Det gjev tankar og bilder til livet. Fjella eg vaks opp med, vil for alltid vere ein del av meg. Elva som rann stille og vid….. fjorden kalla vi henne…..gav ulike bilder til ulike årstider. Islagt fjord gjev meg ro og bilder av […]