Adventvent 16

…..den himmel blå….

Min yndlingsjulesang? Alle er dei kjære, på ein eller annan måte. ‘Jeg er så glad hver julekveld’ var den første julelærdomen. Det gjekk nokre år før ‘Eg er så glad kvar jolekveld’ kunne syngjast med like stor glede…. den nynorske versjonen er ikkje den same songen, men einskilde vers er vakrare!  ‘Nu bor han høyt i himmerik’ kunne gjerne skiftast ut med det mjukare: ‘No bur han i sin himmelheim’………Å synge ‘Glade jul’ i gang kring treet har alltid vore ei utfordring: første vers var greitt, men så stokka versa seg…Når kom englane til hyrdingane og når song englane om barnet så smukt’? ……’O, jul med din glede’ var favoritten med bukking og neiing og rekke kvarandre hendene i tredje; då var det fest!
‘Det lyser i stille grender’….eg våga ikkje si det høgt, av frykt for at dei andre songane skulle føle seg mindre verdfulle… men den blei spesiell. No forstår eg grunnen;  Jakob Sande sjølv hadde ikkje noko forhold til dette diktet som er datert 1931. Han hadde glømt ‘Julekveld’. Då Lars Søraas i 1948 tok kontakt med han og bad om løyve til å tonesetje det… …då vart diktet levande! Melodien smelta saman med orda, og slik blei det ein julesang som heile Norge har har teke til sine hjarte.

Slik kunne eg halde fram med dei alle…..julesongane; dei fortel ein bodskap,  e i n  gjev minne frå ei spesiell tid i livet, ein annan har så vakker melodi, ein har særleg vakre ord.  ….men for å trekkje fram  e i n  spesiell: Når eg sit ved sjukesenga til mi kjære mor på 87, er ho klar på kva for ein ho likar best. Som eit minne om henne blei den vesle akvarellen ‘Deilig er den himmel…’ til. Nokre dagar seinare fekk mor fylgje med ‘dei gylne stjerner’ frå jorden opp……

Livet i gåve
uansett kor mange dagar
mitt liv får
eitt ynskje har eg
at eg får leve
eit fullt liv
kvar dag
……

Adventvent 15

Jula er song

…og det er vanskeleg å velje i alle dei vakre julesongane vi har, så her kjem dei trillande ut blant stjernene i adventsnatta:

No kling klokka i helga natt…
og englar helsar i stille grender
en morgenstjerne klar og skjær…
en rose som utsprungen er, som barnet, som i Betlehem ble født
der mitt hjerte vanker ute på den aude eng
og markens hydingar
og tusene barnehender knytter kjærlighets hellige bånd
og synger sine julekvad rundt det grønne glitrende tre
om fred og fryd på jorderik og lysstreif i fra sky
og rystende olding fryder seg
over de gylne blinkende stjerner
i sæle jolekveld

…….og aldri forstummer tonen fra himlen……

Adventvent 14

På sporet av den gamle julesangen

Ein gammal julesang kom til meg 
frå gøymsla ein stad
han kom med gode bilete
om Læraren som teikna stallen og stjernen og krubba
og engelen på tavla
og bileta var fylde med julesongar på gråpapir
som lange banner til å pynte veggene
til Juletrefesten der heile bygda var med 
på ‘sløydsalen i andre’tasjen’
Vi fekk dekorere med farga tavlekritt…

Nu har vi pyntet vårt juletre, stjernen i toppen blinker…
Nyss stod det bort under vintrens sne, nu det med grenen vinker….

Eg veit no kvifor eg likar gran betre enn furu som tre til jul: Det er berre grana som kan vinke med greinene…

Nu har vi neket på gjerdet satt, vinteren er så øde.
Barnet som fødtes på strå i natt, ville små spurven føde….

Adventvent 13

Englevinger

‘…din engel meg bevare…. ‘Kjære Gud jeg har det godt’ var den første kveldsbøna. Så lærte eg ‘Nu lukker seg mitt øye’. Det blei favoritten. Det var så høgtideleg vakkert med ‘nu’. Det ordet hørte ikkje med i daglegvokabularet vårt… for meg er ordet framleis litt meir kristeleg enn eller no.Vi tenkte vel ikkje alltid så nøye over kva vi sa i kveldsbøna ‘ nu lukker seg mitt øye’….uansett… med tanke eller utan ….’…din engel meg bevare…’ det var ganske enkelt slik det var. Englane var heilt virkelege vesen. Eg samla på glansbilder då eg var lita … har ikkje heilt slutta enno…. Best likte eg dei med berre ansikt og vengjer …og bølgjande lyst hår….med gullstrø! På søndagsskulen fekk vi små bibelkort, det vakraste var det med guten ved vannkanten og engelen bakom…….Det var lettare å forstå englane før… då vi ikkje forstod så mykje.

Englar…..
Dei finst tilogmed på høglys dag
ein møter dei helst
når sinnet er stemt
i ein eigen toneart
Ofte sit han oppi bakken oppfor vegen
to millimeter opp i lufta
Du går vidare
med englemøtet i sinnet
og nikkar venleg
til kjende og ukjende vener
…og engelen slèr følgje med deg
vidare…

Adventvent 12

Tida som kjem….

‘Tida flyg’… ofte uttalt …samstemmig ….. Latinamerikanaren lærde meg ei lekse ein gong i tida, mange kalendarblad har blitt snudd etter det….og for kvar dag som kjem, prøver eg å minne meg på denne lærdomen: ‘Tida går ikkje, ho kjem’ …. og så lenge vi er her,  h a r   vi tid,  h a r  vi tida…. Alt gjekk så mykje seinare før i tida. Å vente på jul, til dømes. Kor lang var ikkje 23 dagar i juleperspektiv hos ein 7-åring som venta på den store kvelden? Hadde vi betre tid, før i tida?
Vi laga skeisebane på Bottetjernet – ei lita evje i elva som rann gjennom bygda mi. Dei store gutane og læraren rydda bana etter kvart snøfall. Vi låg i hardtrening heilt frå isen la seg om hausten. Nokon stilte med skruskøyter, nokon med lengdeløparar med reimer… ikkje lett å snøre hardt nok i iskaldt vèr…..Dagen for det store skøyteløpet; spenninga dirra i den frosne lufta.Vi fekk vår parkamerat og instruks om indre og ytre og veksling. Dette var i Hjallistida, så alle visste frå radioreportasjene om veksling på oppløpssida og føremon med siste indre… berre no ikkje farten vart for stor…. Jan frå klassen under meg var uheldig, lærreima på eine skeisa losna og dermed bar det utafor bana så snøføyka stod. I det han bala med å få snørt reimane att, suste parkameraten forbi. Jan hadde åndsnærvér nok til å ropa: «Si te læra’rn at eg kjem snart!».. og læra’rn hadde god tid… Det var dagar det….

Dagen i går er ikkje borte
alt det innhald du gav han
vil for alltid vere der
ein del av di historie
ein del av ditt liv
Tilogmed tankane våre
tar del i dagen si soge
::::::

Adventvent 11

Julebrevet

Smultringane og fattigmann var steikte og lagde i kakeboksane, ein med nisse på og ein med juletre og nek og fuglar. Så var det tid for julevasken… ein utriveleg dag med grønnsåpe og salmiakklukt over heile huset. Alle bildene var tekne ned frå veggane, gardiner frå vindaugene… det var i det heile eit kaldt og utriveleg hus. Eg gøymde meg ofte vekk på ein slik dag; helst sneik eg meg inn i skulestova om ettermiddagen og sat og teikna julekort: grankvistar med lys og julehjarte og ‘Gledeleg jol’ eller grantre med julesnø og nek på stang og dompappar…. Eg hugsar enno utanåt diktet som Læraren las i teiknetimar før jul …..
Kom vesle sisik, følg med, følg med
et herlig julekveldsmål jeg vet:
En fattig husmann bak skogen bor,

han gir oss et nek, i år, som i fjor.

Julebrev må skrivast med penn på papir, leggjast i ein konvolutt med namn og adresse, frankere og sendast. Mottakaren set seg ned ei roleg stund, etter pakkopninga og kaffe og kaker på juleaftan……..
Julebrevet
Julehelsingar kring jorda
inneheld dei same orda
som i fjor
ord som varmar
ord som lyser
opp ei travel førjulstid
og vi stoggar litt i julestrevet
for å skrive julebrevet
set oss ned …. lar tankar kome
mest om årets mange dagar
kven vi møtte
kva vi gjorde
ryddar i dei gamle breva
knyter band om bunken
føyer år til år
midt i bunken ligg ho
helsinga frå deg
bandet som oss samman binder
Gode tankar rundt vi sender
mest som hender møter hender
knyter til ei hjartleg helsing
som på englevinger fér
:: :: ::

Adventvent 10

Skumringstimen

Etter Mandelas død har ei heil verd skrive og snakka og halde minnetaler om kva for eit stort menneske han var. Mandela sit no saman med alle dei andre englane og ser ned på menneska og undrast kva no…. dei vil vere glade om det blir noko meir ut av det enn berre ord. Kva er talentet vårt….var det sagt noko om å grave det ned…..

Lange kveldar
Når kveldane er lange
og mørke
er tida komen
for ryddesjau i sinnet
setje seg ned
kjenne etter
kva ein føler
og tenkjer
inst inne
Og finne ut
kva ein vil
gjere med det
……

Adventvent 9

Eld ved kveld

Etter krigen var det manko på mykje; mor var glad då ho fekk kjøpt ein heil stuv med ullstoff: tettvove og tjukt…. gråbeige….tenk det! Mor sydde kjeledress til meg og bukser og jakker til storebrørne mine…i minst tre omgangar. Vi var godt kledde for basing i snøen, renne på ski eller kjelke. Ein i kvar syskenflokk hadde rattkjelke. Jo større den var, di fleire fekk plass. I store, lange bakkar var det kjelke, i slake bakkar var sparken best. Så laga vi sparketog. Vi hekta sparkane  i kvarandre, den største sparken med den sterkaste sparkaren bakerst…den minste fremst. Eg som minst i leikelaget sat fremst på ‘Veslesparken’ og tok støyten når vi velta viss farten var for stor i svingen…..og det var han ofte…Det sterkaste minnet frå kalde vinterdagar… eg kom inn, full av snø over heile kjeledressen,  raud på nase og kinn… det knitra koseleg frå bjørkeved i Jøtulen… langsamt mjukna stivkalde fingrar og tær… og eg las omatt og omatt orda som var smidd inn over omnsdøra….

Eg grev ned min eld
seint om kveld
Gud gjev min eld
aldri sloknar ut

…..vi skulle skrive dikt på ovnane no óg

Adventvent 8

Handa hans far

Det er 1. juledag for 63 år sidan. Småjenta fekk vere med Papa på besøk til Bestemor og Bestefar. Togreisa var fest! Frå eg forventningsfull stod på perrongen og hørte toget tuta bakom svingen….Toget var Verden! Vart vi tørste, var det berre å skjenke vatn frå dei vakre karaflane høgt på veggen. Ved sidan av ei svart hylse med vakre små pappkrus som var bretta som eit foldeskjørt! Eg var ofte tørst; likte så godt krusa. Det var stopp på alle stasjonane, så det vart ei endelaust lang reise. Seks mil …. i mitt minne var det ei dagsreise. Med mykje togfløyte og ‘Ta plass, lukk dørene!’ og ferdafolk som gjekk av og som steig på… alle skulle på julebesøk til slekta. Ei jente sat framføre meg, ho hadde mørkt, krølla hår, og var så vakker. I min fantasi heitte ho Lise; eg kalla opp ei dokke etter henne…  Og konduktøren ‘Får jeg se billettene, takk’, etter kvar stasjon. Billettane var små fine kort, med hakk i kanten etter tonga; eg samla på dei og las dei oppatt mange gonger. ‘Vi ankommer om få minutter Gol stasjon’… Poesi! …. Så var det Ruta med Resen vidare opp gjennom dalen. Vi steig av ved Grønlibrui, og eg leidde far ved handa. Granene vinka med snøkledde greiner, det var skjøment, dagen gjekk inn mot kvelden. Vegen vart lang for små føter; det var godt med ei hand å halde i. Tre kilometer er endelaust når ein er knapt sju år…. og det er bitande kaldt. Så endeleg ser eg det…. Bestemorhuset vinkar til oss med smårutete vindauge… og beina får vengjer! … ‘De får væra vælkømen, då…’ ….sirupssnipp og goro, tebrød og fattigmann, strull og rosettbakkels….. eg var midt i Juleeventyret ….. men best hugsar eg den trygge handa hans Papa…

Adventvent 7

Soloppgang i sinnet

Ein dag i desember som denne er som skapt til refleksjon. Heile verda er kvit. Det snør ovanfrå og nedanfrå og sidelengs. Når du ikkje ser lenger enn til naboen, når fjorden er borte og fjella bakom berre ligg der i ditt minne… underleg kor klåre tankane blir….   

Møte
Ein dag i desember møttest himmelen og jorda
og møtet sette tankar i sving
og det gav energi til ny skaping

Lat kvar dag
bli som ein
soloppgang i sinnet