Archive | desember, 2015

Anno Domine 2016

Porten inn i det nye året Her ligg alle fargane framføre vi kan velje dei vi synest passar for kvar einskild dag Er dagen grå finnst der muntre fargar i paletten Er dagen trist vel fargar frå sola Er dagen full av latter  treng du kanskje berre svart og kvitt Kvar ein dag vi får […]

Den siste dagen i året

Framføre eit nytt millennium under Vintergatan   Eit minne frå 1999 kjem for meg, like sterkt kvar nyårsaftan. Eg stod med barn og barnebarn på hytta. Høgt til fjells i frost og snø. Himmelen var klår og mørk og full av stjerner. Nokre sterke og klåre, nokre blinka som ‘lilla stjerna’. Innimellom såg vi dei […]

Romjul

Det stille rommet Glad fest med lys og glitter gylne englar, stjerner, med julesongar og kantater… vi har sett oss kring dekka bord med barn og barnebarn og fryda oss med Juleevangelium og Downton ‘julespesial’ Vi har fått og gitt presangar kjent på glede ved å gje og ta imot Vi har kosa oss med julebaksten pinneribbe, […]

Ellevtedag jul…..

O, du heilage kvardag…. Eg likar best kvardagar, det gjorde eg óg som liten. Vi fekk ikkje lov til å bruke saks på søndagar… og eg som var så glad i å leike med papirdokkar og designe nye klede, og då trengde eg saks…!.Eller brodere og strikke…. Og i alle fall ikkje sy med symaskin, […]

Jul i gamle dagar

Eit tidsbilde frå 1957 Julemiddagen var alltid ribbe og surkål. Mor laga nydeleg saus, og eg var veldig fornøgd med saus og potet! Heimelaga is, nedfryst i snøen, var himmelsk, og oppvasken gjekk som ein leik! Eg vaska og bror Odd tørka… eg måtte ikkje vaske fortare enn han klarte å tørke. Viss så skjedde, […]

Adventvent med julepost

Julebrevet… Eg vaks opp med ‘Posten’. Den raude postkassen heng på veggen rett bakom meg. Stavn Poståpneri var i huset eg budde i. Far var lærar og poståpner. I skuletida var det mamma som var poståpnerske. Vi gjekk annakvar dag på skule og på fridagen hende det eg fekk vere med å sortere post og […]

Adventvent med barnet…

Tindrande barneblikk … forventning er eit varmt ord. Å vente så ein har vondt i magen, er ikkje fullt så varmt. Begge høyrer jula til. Vi kan plukke dei fram, eitt for eitt: løyndomsfullt og gåtefullt og betlehemsmarkene. Vi gjekk til kyrkje 2. juledag. Det var gnistrande kaldt, det knitra under skorne, nasebora snørde seg saman og […]

'Klåre vinter' Vindreken ved Esefjorden

Adventvent kring Esefjorden

Kling no, klokka Det er tredje adventssøndag, klokka er halv seks og eg er på kyrkjeveg. Kring fjorden. Esefjorden. Vakker som få, omkransa av daler og lier, høgreiste fjell og farlege sva. Inne i fjordbotnen, går fjella halvannan kilometer opp mot himmelen… Ved elveleiet plukkar vi kvitveis og gulveis og bekkeblom når vi kjem heim […]

Adventvent med julebakst 1

Bakstekona Ho var ein institusjon rundt ikring på bygdene i gode gamle dagar. Vi hadde ei heime i Stavn… på 40- og 50-talet. Eg ser ho for meg, nabokona, ho Gunnhild frå Brendestugu. Tidleg om morgonen blei det fyrt opp i den store svarte eldhuskomfyren, og snart såg vi ho kome rundt svingen med veskene […]

Det lyser i stille grender

Julesongar året rundt Høyrer du med til dei som gjerne kunne syngje julesongar heile året? Her finn du meg. Då eg var dirigent for Songlaget, hadde eg julesongane framme frå tidleg på hausten. Det murra nok litt hos medlemmene…. ‘me kan no dei frå før, folk vil helst høyre dei same gamle….’ Det hører med […]