“Eg samlar på gylne augneblink som eg finn i kring meg i møte med menneske og natur. Heile livet har eg elska naturen og alt han har å by på av små glimt av storleik. Eg er oppteken av Guds rike gåver, vår eigen kulturarv og ynskjer at vi alle skal stoppe opp i blant og sjå på dei usynlege penselsstroka i steinane på stranda og lytte til dei tause tonane frå bøljande blomemarker”.

Å fange augneblinka

Bjørg Frøisok Bjøberg

Kunstnaren Bjørg Frøysok Bjøberg er fødd i Flå i Hallingdal men har vore busett i Balestrand sidan 1973. Ho er lærar og arbeidde i skulen i vel ein mannsalder. Ho har gjennom kurs og studiar med Reidar Finsrud og Arthur Adamson utvikla kunstnaren i seg og har sidan 1990 vore kunstnar på heiltid.