Bjørg Bjøberg

bjorg_bjoberg

Bjørg Frøisok Bjøberg

Kunstnaren Bjørg Frøysok Bjøberg er fødd i fredsåret 1945 i Flå i Hallingdal men har vore busett i Balestrand sidan 1973. Ho er lærar og arbeidde i skulen i vel ein mannsalder. Ho har gjennom kurs og studiar med Reidar Finsrud og Arthur Adamson utvikla kunstnaren i seg og har sidan 1990 vore kunstnar på heiltid.

Å fange augneblinka

“Eg samlar på gylne augneblink som eg finn i kring meg i møte med menneske og natur. Heile livet har eg elska naturen og alt han har å by på av små glimt av storleik. Eg er oppteken av Guds rike gåver, vår eigen kulturarv og ynskjer at vi alle skal stoppe opp i blant og sjå på dei usynlege penselstroka i steinane på stranda og lytte til dei tause tonane frå bøljande blomemarker”.

Nyare akvarellar
berg-(pieced)FINAL(LR)

Tittelen på denne akvarellen er ‘Berget mitt’
Inspirasjonskjelde:
Rett over vegen frå galleriet vårt var ein stor berghammar, ei skjering frå den gongen ‘nyevegen’ ned mot kaien blei skoten ut. No er berget borte. Eg sakna denne vesle knausen og alle dei ‘tusentals’ blomar som vaks ved vegkanten og innimellom skortene i oppetter begrasida. For å mildne saknet malte eg denne akvarellen. Berget er for evig mitt. No kan eg glede meg over det flotte museet vi har fått på denne staden.

NewHestonLRTittelen på denne akvarellen er ‘Storehesten i krystallglans’
Inspirasjonskjelde:
Gjennom mange år… på veg til Førde… for shopping, for sjekk på sjukehus eller rett og slett på søndagstur… Dei vakre fjella har gitt meg mang ei vakker stund. Sommar, vinter, vår eller haust… alltid er det ein eigen klang over Storehesten eller Kvamshesten, og vetlesystera Lisjehesten! Her i vinterham med bergasider som skin i mangefarga krystallar….

Uthus på LindeHeilt frå dei første malestrøka mine har gamle hus eller blomstrar vore ein viktig ingrediens i motivkrinsen min. Gamle hus er fylt med historie om menneske og deira livnad. Her er uthus på Lindane i ytre del av kommunen vår. Den graskledde slåttemarka er omgjort til ei frodig villblomeeng. Kunstnerisk fridom tillet å gjere slike skjønnheitsløftingar! Når vegkantar blomstrar i all sin rikdom… då er det godt å vere menneske….

FacebookEmailLinkedInGoogle+Twitter

This post is also available in: English