Archive | Pilegrimsnytt

RSS feed for this section

Ja, det blir Pilegrimsvandring i år også!

Gå pilegrim til Kvamsøy 29. juli 2017 No er det fjerde gongen! På Olsokdagen vandrar vi igjen Pilegrimsleia frå Kallestad til Kvamsøy. Fire og ein halv kilometer lang snor stien seg gjennom eit lite stykke av den edlaste vestlandsnatur. Ei oppleving, både i regnver og solskin. Denne sommaren har til no vore heller kald, så […]

Pilegrimsmerket

Tankar til logoen… Den gylne ringen ytterst er det uendelege, ringen utan byrjing eller ende, eller ‘frå æve til æve’…. Innanfor æva ligg det levande vatnet, symbolisert med den blå fargen. Det kvite står for reinheit og er forma som dei fem kronblada i villkirsebærblomen, Balestrand kommune sin offisielle blomst. Dei fem begerblada symboliserer glede, […]

Snart er Den store dagen her….

… i år som i fjor… på Olsokdagen den 29. juli 29. juli fekk Olav Haraldson banesåret og døydde på slagmarka på Stiklestad… for 986 år sidan. I påvente av 1000årsmarkeringa legg vi ut på pilegrimsferd. Tredje året på rad… Eg ser fram til dagen med stor forventning. Det blir ein vakker dag! I år […]

Den store dagen nærmar seg….

… i år som i fjor… på Olsokdagen den 29. juli 29. juli fekk Olav Haraldson banesåret og døydde på slagmarka på Stiklestad… for 986 år sidan. I påvente av 1000årsmarkeringa legg vi ut på pilegrimsferd. Tredje året på rad… Eg ser fram til dagen med stor forventning. Det blir ein vakker dag! I år […]

Pilegrimslei-nytt nett no

Dugnad Store hendingar skjer ofte i det stille. Det har skjedd store ting med Pilegrimsstien også denne våren. Det har kome gjerde ved skumle stup. Fleire steinar for stødige steg. Ledetrådar å halde seg i der stien går på blanke svaberg. Dugnadsgjengen har vore på ferde. Med Jørgen i spissen. Dei har gjort ein framifrå […]

Milestein

Pilegrimskrossen No har pilegrimsleia fått sin merkestein. Ein kross. Ein steinkross frå kvernsteinbrotet i Hyllestad. Kunsthandverkaren Torbjørn Løland har gjort ei solid stykke arbeid, og vi er stolte og glade for å ha fått ein slik milestein ved Pilegrimsleia vår. Ved avdukinga knytte Pernille Østrem saman kvernstein – kornet – brødet – og Jesus som […]

Lys over Pilegrimsbygda Balestrand

Dagen blei vakker! 29. juli 2015 vil gå inn som den store Pilegrimsdagen i Balestrand si soge. Ordet pilegrim betyr ein som er i framandt leie. 40 pilegrimar gjekk seg saman til eit stort fellesskap. Vi blei vener i løpet av den 4,5 kilometer lange pilegrimsleia. Vi fekk godt og tenleg vèr….  dagen skein over […]

Program for Pilegrimsdagen

29. juli 2015 i Balestrand Slik vil dagen sjå ut for deg som vil vere med på Pilegrimsveg: Klokka 1130 starar vi med transport til utgangspunktet for Pilegrimsstien 1200: Pilegrimstoget startar og fellesvandringa går med små stogg langs leia. Vi vil gje deg små innslag av kultur og ord til refleksjon. Ein pust i bakken […]

Pilegrimsdagen i Balestrand Olsok 2015

Tenk om…. Tenk at….. Tenk om alle statsmenn stod på rad parat til å starte pilegrimsvandringa til Kvamsøy 29. juli 2015! Det ville vore ein sensasjon! Førebels er ingen president mellom dei påmelde….. Tenk om du kjem! Du kan dra dit du vil, når du vil. Tenk om du vil leggje turen innom til oss […]

Stad å sove for trøytte pilegrimar

Tusenårseika har ikkje soveplass til mange Du som kjem til Balestrand for å vere med på Olsokvandringa 2015, har mange koselege overnattingsstader å velje mellom. Nedanfor finn du eit oversyn over dei ymse alternativa: Link til www.sjotun.com Sjøtun camping er i gangavstand frå kai/ busshaldeplass, ca 1 km frå sentrum Link til https://veganesetcamping.wordpress.com Koseleg campingplass ved fjorden, […]