Det gylne hus

detgylnehus_artikkel
Det gylne hus

Om sommaren er det eit yrande liv på kaien i Balestrand. Folk frå kvart hjørne av verda møtest her for å oppleve roen ved fjorden. Gjestene våre kjem med ekspressbåten eller ferje, med buss, bil eller på tohjuling. Kjem du, ynskjer vi deg hjarteleg velkomen til eit besøk hos oss!

Du finn oss i Det gylne hus i hjartet av Balestrand. Huset var O. Kviknes landhandel eller Krambua. Frå 2003 har kunstnarduoen Bjørg Frøisok Bjøberg and Arthur Adamson endra huset til å tene ei rad funksjonar: ‘Gylne fargar’ er Bjørgs galleri og ‘Gylne øyeblikk’ butikken, med små og store innramma bilete, kalligrafi og kort i rad og rekke; alt reprodusert frå hennar akvarellar: Suvenirar frå Balestrand får du kanhende tak i her.
I andre etasje finn du Galleri ‘Fjordsyn’ der Arthur stiller ut sine spennande maleri. ‘Gylne minne’ er fylt av ‘gamle Balestrand’. ‘Regnbogen’ er filmrommet der vi viser filmane våre. Informasjon om desse finn du annan stad på heimesida.

Bjørg.Galleri02inn.Galleri.Arthur
Pilgrim restaurant og Kafe ‘me snakkast’ er innreia som hos ho Bestemor, og ein kjenner seg hensett til gode, gamle dagar. Vi gjer vårt beste for at du skal få ei fin stund med kulinariske og fargerike opplevingar.

Ope kvar dag om sommaren.

FacebookEmailLinkedInGoogle+Twitter

This post is also available in: English