Pilegrimsvandring i Balestrand er snart ein realitet

kunstnarparret
Bjørg og Arthur på ‘prøvevandring’ i 2004

I 2014 vert den første Pilegrimsvandringa  ein realitet!

Pilegrim

Fjella som omkransar den vakre fjorden, er i seg sjølv eit pilegrimsmål. Den særmerkte naturen er ei Gudgjeven gåve til det travle notidsmennesket, i alle aldrar og frå alle verdenshjørne.
Denne naturen sin eigen katedral er staden for å samle sinn og sjel og tankar i ein travel kvardag.
Naturen i samhandling med menneskeskapte monument er hovudingrediensane i Pilegrimsvandring Balestrand.
I 2011 gjekk vi ut med våre idear og vyer: Vi ynskte å utvikle tre spesielle vandringar med mål av kyrkjeleg, spirituell, kulturell og historisk karakter. No skriv vi 13. november 2014, og vi kan med glede seie at vi nærmar oss målet. Mykje ligg til rette for at vi kan invitere til den første vandringa i juli 2014. Vi vil halde deg oppdatert…..

I skrivande stund har mykje skjedd med ‘Pilegrimsvandring Balestrand’.
Mange har halde seg oppdatert via ‘Pilegrimsnytt’ – bloggane. Om du går inn i dei, vil du kunne lese om kva vi til ei kvar tid er i aktivitet med. Særleg viktige bloggar i høve arrangementet til Olsok er:
Link til:  http://www.detgylnehus.no/program-for-pilegrimsvandring-balestrand-olsok-2014/
Link til: 
http://www.detgylnehus.no/pilegrimsvandring-til-tjuatoten

Den neste bloggen vil gje ei nærare informasjon om praktiske detaljar, slik som kvar du kan bu under opphaldet.
Om du ynskjer direkte og personleg kontakt med oss, er det berre å ringe mob. 915 62 842, då kjem du til Bjørg.

Vi er spente på om du vil kome! 

Bjørg å Gamlevegen Eit lite stykke av pilegrimsleden
går på den riktig gamle bygdevegen.
Heldigvis blei bitar av han skjerma
frå Vegvesenet sitt arbeid med
nyevegen eingong på 60-talet.
Det gjev ein ekstra dimensjon å gå på denne.
Ein historisk sus av kultur
gjer det til ei andaktsstund
å sete føtene her
::::::

FacebookEmailLinkedInGoogle+Twitter

This post is also available in: English