Stikkordarkiv: pilegrimsleden

Fager kveldssol smilte

Over Pilegrimssleia

ei lita kveldsstund på Pilegrimsstien… forunderlege natur som aldri sluttar å overraske… som alltid gir og gir… Det einaste vi behøver å gjere, er å kome der…

Lage stiEg gjekk ein tur på stien
og det var ro ikring meg
det var steinut somme stader
moseteppe innimellom
stien snor seg kring ein stubbe
akte fote så eg ikkje snublar i ei trerot
Det vesle underet skjedde;
Det stive kneet var mjukna
Korsryggen likeeins
verka ikkje slik han gjorde
før eg tok fatt på kneikene

…og fuglane kunne ikkje stoppe å kvitre...

… og dei gode hjelparane…

Og stien blir lengre og lengre….

Det er våronn-tider… Det er vårvon! 
Brikker fell på plass, ei etter ei. Vi har hatt ein god vinter …. got og tenleg vèr, som det står om i den gamle kyrkjebøna… Lite snø har hjeplt oss til å vere i forkant av skjemaet…

'De gode hjelperne'I går fekk eg slik ein hyggeleg mail frå Jørgen:
«Hei, har hatt ein skuleklasse (Idrettslina Sygna) i starten på stien. Så no er det ok under sagtomta.»
Det er jo veldig viktig med ein god start. Eg hugsar stilskriving på skulen; innleiinga var ofte det siste vi skreiv. 
Nett slik med Pilegrimsleden også. Steg for steg, meter for meter har vi jobba oss utover. Og no er altså starten også rydda og gjort klar for storinnrykk til sommaren… Eg har hørt gjete at nokon allereie har prøvegått stien!! 
Vi ropar Hurra! – om det ikkje er 17. mai enno – og seier hjarteleg takk til dyktige og arbeidsviljuge Sygnaelevar for vel utført arbeid. Dei tar gjerne ei økt til….

For dei som gjerne vil ha detalinformasjon om Olsokvandringa: Opne desse Pilegrimsnytt- bloggane:
Link til: http://www.detgylnehus.no/pilegrimsvandring-balestrand-2014-pamelding/
Link til: http://www.detgylnehus.no/29-juli-2014/

Elles ligg dei på rekke og rad, små historiske ‘øyeblikk’ av arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand
..og ynskjer du meir informasjon, er det bare å ringe: 915 62 842

 

Indre styrke

Flytte fjell

Sherpaer hadde vore det store!
Deler av stien har vore utfordrande; den einaste moglege traseen har vore for bratt! Korleis skal vi kome oss opp? Eg tenkte ….. hadde lese om sherpaer i Luster; enn om vi kunne fått dei hit! Eg tenkte høgt, og Jørgen hadde eit lite smil om munnen….sa ikkje noko….
Neste gong vi gjekk ein tur i stien, ja, så fekk vi ro, som i songen; for  d e r  var det kome ei steintrapp… og ei til! Ja, den Jørgen, du! No også som sherpa! Er det nokon sak? Her har vi fire staute karar, Jørgen, Arthur, Erik og Ingvar, som på kvar sin vis gjer ein utruleg innsats for STIEN… Dei sagar og ryddar og finn gode snuingar på stien, slik at han skal bli god å trø, så ikkje forten skal vakle……

Steinarbeid


Indre styrke

Om du har
is i magen
brann i hjartet
vakent auge
og kvasst syn
om du i tillegg har
klår hjerne
og talefør tunge
Og om du unner deg
ro for tanken
Då kan du
flytte fjell

 

Steinarbeid 2

Ved kvart storarbeid
må ein starte i det små
Skal du klatre i ein stige
må du alltid først
det første trinnet gå

 

 

 

 

 

Klikk på ‘Open me’ så får du programmet for Olsokvandringa i Balestrand…

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Program

28. juli: Ankomst utover dagen
Om kvelden: Festleg samver med konsert, film og informasjon

29. juli
Pilegrimsvandring til Kvamsøy
Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje
Avduking av ‘skulpturen ‘Børtreet’…signing av Børtrehuset

30. juli
Pilegrimsvandring til Tjuatoten
Alt opplegg for dei som ynskjer ei mindre utfordrande løype

31.juli:
Avreise[/toggle]

Ein stor dag!

4. februar 2014 er ein spesiell dag!

Å lage ein pilegrimsveg… det er stort, det! Vi har mange startdagar i dette prosjektet vårt. I dag er starten for preparering av ein ny parsell av leden…. den som leier til den riktig gamle bygdevegen ut mot Kvamsøy… den som allereie ligg der, klar til å vandre på. Trekløveret Jørgen Hundseth, Ingvar Åberge og Arthur Adamson var uti marka for nokre dagar sidan for å merke traseen. Idag er dei to sistnemde i gang med rydding. Stien skal liggje fin og godt  i terrenget og han skal vere god å gå på. Små justeringar… nokre steinar er gode å trø på, medan andre må ein snu litt på eller flytte  vekk. Minst mogleg inngrep i den vakre skogsnaturen… 
Skogen er full av tre, alle er vakre og nokre er heilt spesielle… dei plukkar vi ut til ‘Merketre’ og lagar ein liten soppestad…med ein kvilebenk kanhende… Eit av dei mest særmerkte trea er Tusenårseika. Den vil eg skrive ein eigen blogg om seinare…. Dette vesle innlegget er mest for å fortelje at vi er godt i gang… mykje arbeid står att, men jammen har vi lagt mykje bak oss, også….

 

20140204_101357Mjuke tonar
møter deg
i morgondoggen
Grip ein strofe
og ta han med deg
på vandringa
ut i dagen

 

 

[box type=»note» style=»rounded» border=»full»]Pilegrimsled er ein turveg, sti eller veg som fører fram til eit mål av spesiell religiøs/ kristen karakter. Hos oss i ‘Pilegrimsvandring Balestrand’ er Kvamsøya og kyrkja og Børtreet eitt av måla. Sjå elles linken: http://no.wikipedia.org/wiki/Pilegrimsleden[/box]