Stikkordarkiv: Pilegrimssti Kallestad-Kvamsøy

Fager kveldssol smilte

Over Pilegrimssleia

ei lita kveldsstund på Pilegrimsstien… forunderlege natur som aldri sluttar å overraske… som alltid gir og gir… Det einaste vi behøver å gjere, er å kome der…

Lage stiEg gjekk ein tur på stien
og det var ro ikring meg
det var steinut somme stader
moseteppe innimellom
stien snor seg kring ein stubbe
akte fote så eg ikkje snublar i ei trerot
Det vesle underet skjedde;
Det stive kneet var mjukna
Korsryggen likeeins
verka ikkje slik han gjorde
før eg tok fatt på kneikene

…og fuglane kunne ikkje stoppe å kvitre...

… og dei gode hjelparane…

Og stien blir lengre og lengre….

Det er våronn-tider… Det er vårvon! 
Brikker fell på plass, ei etter ei. Vi har hatt ein god vinter …. got og tenleg vèr, som det står om i den gamle kyrkjebøna… Lite snø har hjeplt oss til å vere i forkant av skjemaet…

'De gode hjelperne'I går fekk eg slik ein hyggeleg mail frå Jørgen:
«Hei, har hatt ein skuleklasse (Idrettslina Sygna) i starten på stien. Så no er det ok under sagtomta.»
Det er jo veldig viktig med ein god start. Eg hugsar stilskriving på skulen; innleiinga var ofte det siste vi skreiv. 
Nett slik med Pilegrimsleden også. Steg for steg, meter for meter har vi jobba oss utover. Og no er altså starten også rydda og gjort klar for storinnrykk til sommaren… Eg har hørt gjete at nokon allereie har prøvegått stien!! 
Vi ropar Hurra! – om det ikkje er 17. mai enno – og seier hjarteleg takk til dyktige og arbeidsviljuge Sygnaelevar for vel utført arbeid. Dei tar gjerne ei økt til….

For dei som gjerne vil ha detalinformasjon om Olsokvandringa: Opne desse Pilegrimsnytt- bloggane:
Link til: http://www.detgylnehus.no/pilegrimsvandring-balestrand-2014-pamelding/
Link til: http://www.detgylnehus.no/29-juli-2014/

Elles ligg dei på rekke og rad, små historiske ‘øyeblikk’ av arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand
..og ynskjer du meir informasjon, er det bare å ringe: 915 62 842

 

Indre styrke

Flytte fjell

Sherpaer hadde vore det store!
Deler av stien har vore utfordrande; den einaste moglege traseen har vore for bratt! Korleis skal vi kome oss opp? Eg tenkte ….. hadde lese om sherpaer i Luster; enn om vi kunne fått dei hit! Eg tenkte høgt, og Jørgen hadde eit lite smil om munnen….sa ikkje noko….
Neste gong vi gjekk ein tur i stien, ja, så fekk vi ro, som i songen; for  d e r  var det kome ei steintrapp… og ei til! Ja, den Jørgen, du! No også som sherpa! Er det nokon sak? Her har vi fire staute karar, Jørgen, Arthur, Erik og Ingvar, som på kvar sin vis gjer ein utruleg innsats for STIEN… Dei sagar og ryddar og finn gode snuingar på stien, slik at han skal bli god å trø, så ikkje forten skal vakle……

Steinarbeid


Indre styrke

Om du har
is i magen
brann i hjartet
vakent auge
og kvasst syn
om du i tillegg har
klår hjerne
og talefør tunge
Og om du unner deg
ro for tanken
Då kan du
flytte fjell

 

Steinarbeid 2

Ved kvart storarbeid
må ein starte i det små
Skal du klatre i ein stige
må du alltid først
det første trinnet gå

 

 

 

 

 

Klikk på ‘Open me’ så får du programmet for Olsokvandringa i Balestrand…

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Program

28. juli: Ankomst utover dagen
Om kvelden: Festleg samver med konsert, film og informasjon

29. juli
Pilegrimsvandring til Kvamsøy
Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje
Avduking av ‘skulpturen ‘Børtreet’…signing av Børtrehuset

30. juli
Pilegrimsvandring til Tjuatoten
Alt opplegg for dei som ynskjer ei mindre utfordrande løype

31.juli:
Avreise[/toggle]

Trappetrinn på pilegrimsstien

Dagen rann og sola sende sine kaskadar av stråleskudd over fjorden…

Frokosten var ikkje heilt fortært og tekoppen var ikkje for vel tømt….. ‘Kanskje vi skal ta oss ein tur ut til stien?’ …..Arthur, som likar å planleggje… som den mest selvfølgelege sak av verda: ‘Ja, vi kjører med ein gong!’…som om vi begge hadde tenkt det same på same tid….

Sti her???Det såg usikkert ut, med dette véret, men sola kom, ho, idet vi runda Målsnes, og ho var med oss i marka ved »Gamlevegen’. Utfordringa som stod att for stifinnarane, var å finne traseen for å binde saman den siste stubben av Galmevegen med stien som allereie fanst gjennom skogen ovanfor. Ikkje lange biten, men det såg intrikat ut. Store steinar, svaberg og den største høgdeforskjellen på heile strekningen….

 

 

FurutrappVi blei meir og meir overvelda etter kvart som vi fann dei raude merkebanda… oppetter små glenner i svaberga, mellom steinar på mjuk barnålgrunn, innimellom trestammer og jamsi’es med ein liten surlebekk…. Nokre stader hadde større tre måtta vike; det var einaste leia. Men du kor fint! Stubbane som står att blir trappetrin i stien!

Pilegrimsvandring Balestrand… ei oppleving for livet!

Ein pilegrim er ein som vandrar i framandt land og lende

Alle ynskjer å vere ein del av eit fellesskap

Eit fellesskap… ei gruppe menneske som arbeider mor eit felles mål… Dette med målet er viktig for eit godt fellesskap. Alle er likeverdige… alle får bruke sine evner og talent… og alle blir støtta av alle! Utopia?? Nei, det må vi ha lov til å tru, at eit slikt samfunn  e r  mogleg!
Det har grodd fram pilegrimsfellesskap mange stader i verda. I dei seinaste åra har stiar blitt rydda, gamle ferdslevegar fått ny verd. Pilegrimsmål som ikkje er i nærleiken av ein av dei ‘sertifiserte’ pilegrimleiene, er blitt mange her i landet i dei siste 10 åra. Kvamsøy, Tjuatoten og Stillevatnet i Balestrand er mellom desse. Det næraste vi kjem er Kystleden frå Stavanger til Trondheim, og dei to som då ligg i leia: Kinn og Selja… i vest. I aust held Lærdal på med eit prosjekt med ei 6 mil lang rute langs den gamke Kongevegen til Tomaskyrkja på Fillefjell.
Så her ligg Balestrrand…midt i mellom… utanfor den pilgrimske tradisjon.
Vi held på å skape ein ny tradisjon og stykke for stykke vil vi oppleve ein samanhengande ‘Pilegrimsled Sognefjorden’ frå Lærdal til Solund…. då er det ingen hemsko å vere midt i mellom! Med Kvamsøy kyrkje frå 1280 som den ypperste representant for middelalderens pilegrimstradisjon. Vyene er store, og det må dei vere skal ein nå eit mål! Men no til stien…og den gjer vi klar… som ei berømt skilpadde i Æsops Fablar….meter for meter for meter…. Rydd Herrens vei… Gjør hans stier jevne (*) Gå til ‘Open me’

20131027_124519Ode
til vandringa
Gleden

begynner
innenfra
Men en liten tur
på stien
kan hjelpe med
å finne
den indre
tonen
frå djupet
frå sjela
:::::

::

Bli med på første Pilegrimsvandring Balestrand
Olsokdag 29. juli 2014

Set av datoane 28.-31. juli så får du med deg heile arrangementet
Meir informasjon kjem etter kvart.


Følg med på heimesida!
Kvar ny ‘pilegrimsnytt’ vert kunngjort gjennom link til Facebook: Bjørg Frøisok Bjøberg.
Gje meg eit lite vink om du ynskjer direkte oppdatering.
Tlf.: 91562842 e-post: bjoergfb@online.no
..Vi kan også bli vener på facebook…

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]◄ Esaias 40:3 ►

Parallell Bibelvers
Norsk (1930)
Hør! Det er en som roper: Rydd i ørkenen vei for Herren! Gjør i ødemarken en jevn vei for vår Gud!

Dansk (1917 / 1931)
I Ørkenen raaber en Røst: »Ban HERRENS Vej, jævn i det øde Land en Højvej for vor Gud!

Svenska (1917)
Hör, man ropar; »Bereden väg för HERREN i öknen, banen på hedmarken en jämn väg för vår Gud.

King James Bible
The voice of him that crieth in the wilderness, Prepare ye the way of the LORD, make straight in the desert a highway for our God.

English Revised Version
The voice of one that crieth, Prepare ye in the wilderness the way of the LORD, make straight in the desert a highway for our God.[/toggle]