Blog

Gå seg fast

Tankestrøk ved djupner og bratte kneiker - i fjellet eller i livet Du tar i på eit nytt prosjekt du er vel i gang trur du kjapt skal bli ferdig så kjem veggen snikande først som eit skjermbrett så kjem den av betong ugjennomtrengeleg motøysa tek deg du baskar i skor du klyv opp bratte sva […]

Ny start

Nye fjell og nye vidder Alltid på veg mot nye mål Ei glede og ei utfordring på same tid du har stadig nye ønskemål nye vyer alltid med håp om å lukkast Gang på gang opplever eg at linjer kjem litt i ulage fargetonar fekk ein annan klang at komposisjonen kunne ha vore enda meir […]

I sorg og glede

Livet i lyset Livet forunderleg skjørt vakkert som edderkoppspinn soldropar på trådane tusen dropar fargerikt funklande berre nokre korte stunder blir det hos oss men minnene glimar i gull

Lyset i gråkulden

Lys over land Ein kald, riktig gråkald vinterdag ikkje ein bitteliten solgløtt skyene låg lag på lag riktignok i forskjellige gråtonar dei låg så tett saman at ikkje ein millimeter sol slapp gjennom Han er tung å kome gjennom denne vinteren… Nett slik ein dag tar ein fram i minnet doggdropemorgonar frå ein fargerik haust […]

Livet er bratt somme tider….

Bratte lier og stupbratte sva Livet er utfordrande som å klatre oppetter bergasider Berget vert levande glimar i sola blendar deg i augo gjev deg roser i kinn hjartet vert oppglødd og lungene fyllest med reinaste luft parfymert av fjelldronning og bergmynte det er som å vandre i eit eventyrleg farkekart i grenseland mellom rosenkvarts […]

Fortida og framtida er i dette øyeblikk

Kven er vi? Av og til fell eg i tankar. Ved eit kalendarvende er dei djupare… Kva har ført til at eg er nett den eg er… anna enn utsjånaden? Genene er nedarva og har gjeve meg nett den litt skeive kroppen, det venstre øyra som er festa litt lægre enn det høgre og blått […]

Anno Domine 2016

Porten inn i det nye året Her ligg alle fargane framføre vi kan velje dei vi synest passar for kvar einskild dag Er dagen grå finnst der muntre fargar i paletten Er dagen trist vel fargar frå sola Er dagen full av latter  treng du kanskje berre svart og kvitt Kvar ein dag vi får […]

Den siste dagen i året

Framføre eit nytt millennium under Vintergatan   Eit minne frå 1999 kjem for meg, like sterkt kvar nyårsaftan. Eg stod med barn og barnebarn på hytta. Høgt til fjells i frost og snø. Himmelen var klår og mørk og full av stjerner. Nokre sterke og klåre, nokre blinka som ‘lilla stjerna’. Innimellom såg vi dei […]

Romjul

Det stille rommet Glad fest med lys og glitter gylne englar, stjerner, med julesongar og kantater… vi har sett oss kring dekka bord med barn og barnebarn og fryda oss med Juleevangelium og Downton ‘julespesial’ Vi har fått og gitt presangar kjent på glede ved å gje og ta imot Vi har kosa oss med julebaksten pinneribbe, […]

Jul i gamle dagar

Eit tidsbilde frå 1957 Julemiddagen var alltid ribbe og surkål. Mor laga nydeleg saus, og eg var veldig fornøgd med saus og potet! Heimelaga is, nedfryst i snøen, var himmelsk, og oppvasken gjekk som ein leik! Eg vaska og bror Odd tørka… eg måtte ikkje vaske fortare enn han klarte å tørke. Viss så skjedde, […]