Archive | november, 2013

Adventvent 1

Forventning Før jul då eg var lita jente i ei bittelita bygd i innlandet – med skogen tett innpå – mørke kveldar med stjerner og snø på. Forventning – julaftan er sååå langt borte, jula kjem aldri! Eg talde dagar, fleire gonger om dagen; trur ingen kunne vere meir utolmodig enn eg var. Mamma sydde […]

Vener

Vener på pilegrimssti Ein av ideane med pilegrimsvandring er å bli kjend med seg sjølv. Naturen gjev ro til tanken, harmoni til sinnet. I pakt med naturen …. i takt med sine eigne hjarteslag….. set oss på sporet til den personen vi eigentleg er eller var meint å vere. Aleine eller saman med kjende eller […]

Pilegrimsleden

Gammal veg med nytt innhald Vi stod ved startpunktet, fire forventningsfulle stifinnarar. Tre og ein halv time seinare hadde vi svaret på det store spørsmålet: Finn vi vegen? Er det mogleg å finne veg i marka? Må vi nedom hovudvegen på enkelte parti? Svanhild og Jørgen Hundseth, Arthur Adamson og underteikna hadde ein klar motivasjon: Å […]

Hurra!

‘Levande steinar’ seglar ut frå beddingen ….. så var berget gjenskapt. ‘Levande steinar’ blei tittelen. Små og store og større utfordringar har det vore på vegen. Om eg er glad for å vere ferdig med det? Det kjennest rart og tomt, eg saknar det……det var trygt å gå til atelieret og vite sånn nokonlunde kva […]

Snart til topps!

Liv og lære – å lære er å leve Folkeskole – Realskole – Gymnas – Universitet – Vidareutdanning……. kor mykje lærdom er det mogeleg å ta inn? Siste store eksamen eg tok var ‘Musikkhistorie’ – åtte timar med topp konsentrasjon og innsats skulle gje meg ein karakter som eg skulle ta med meg for resten […]

Skummelt!

Mørkredd Det høyrer barndomen til å vere redd for mørket, og andre skumle saker. Eg budde trygt og godt i lag med mamma og pappa og to storebrør. Pappa var Læraren i bygda, og vi budde ‘på skula’. Like ved Storevegen. Det var ikkje stor biltrafikk, og særleg ikkje om kvelden. Soverommet mitt var i […]

Eksotisk

Orkide til natten Nattfiol er ein av dei få ville orkideane som veks i Norge. Nattfiolen er ikkje daglegdags ‘her på berget’. Men han var her, ein gong, då berget var her. No er han berre i akvarellen – og sjølvsagt – i Minneboka. Eg minnest når eg i seine seinsommarkveldar tok ein liten omveg […]

Landmåling på Kvamsøy

Stor dag for pilegrimar! – 22. november 2013 Alle tenkjelege og utenkjelege offentlege vesen har samstemmig sagt ja til at vi skal få setje opp eit lite hus for Børtreet på Kvamsøyna. Inger Johanne og Bjarne Hjartholm har heile tida vore positive til prosjektet, og velviluge til å gje tomt til huset. Balestrand kommune med […]

Å fargelegge dagen

Fargeskrinet Ordet har ein eigen klang; det gjev meg assosiasjonar om varme sommardagar, floraen i fargar, juleaftan med tre og stjerne…… Eit liv utan fargar er utenkjeleg. Eg ville fått abstinens uten dei daglege fargeklattane. Eg hugsar kvar ‘første skuledag’ best frå då vi fekk ny Timeplan der vi sirleg skulle skrive inn alle faga […]