Ny verd!

For to to timar sidan la eg inn min første BLOGG nokonsinne

Kven hadde trudd for 68 år sidan, då eg vart fødd, at eg skulle kome så langt i verda?
Eg har lært så mykje om lærdom, at eg veit det er lurt å repetere, så no prøver eg på eit nytt innlegg på bloggen, like godt med det same:

Arthur og eg drog til Oslo for å vere med på feiring av Munch. Ein og ein halv time å vente var ikkje for mykje, utstillinga var verd kvart eit minutt. Vi hadde personleg guide; Veslemøy har vore tett på Munch gjennom Frankfurt, London og no i Oslo, så vi fekk valuta for pengane. Når eg i tillegg fekk oppleve Oslo i haustsol saman med mine to døtre, barnebarn og kjæreste, skal de gå lenge før eg klagar over noko som helst her i verda!

Ein kan velje
å vere glad
enkelt
som det

Grå november! November grå?

Det er opplest og vedtatt at november er grå.
Ja vel, det regnar og det blæs. Det er vanskelegare å oppdage fargespekteret på slike dagar som i dag. Ein må sjå med hjartet meir enn med augene. Då kjem det fram fleire grøne nyansar i eviggrøne tre. Det er overraskande mange fargar på fjorden, frå djupe blåtonar over i lilla og til alle sjatteringar i grått: rosagrått, grøngrått, blågrått, og ikkje å gløyme gulgrått og  lysegrått  og eggegrått (eg er ikkje sikker på korleis den fargen ser ut, men eg trur den er eggjande).   Vidare har du grårosa, grågrønt, gråblått og grågult! Til slutt i denne gråe regnversdagen vil eg nemne  gråkvitt. Det er favoritten! Den fargen inneheld alle dei andre.

For ei novemberlukke!

 

Bjørgs fototur

Per ardua ad astra

Gjennom arbeid til stjernene

Storehesten er blant favorittfjella.
Å kome til topps med penselen er hardt arbeid.
Målet er å kome til topps med ein ny akvarell
før klokkene ringer eit nytt år inn.
Blir du med?