Archive | desember, 2013

Adventvent 10

Skumringstimen Etter Mandelas død har ei heil verd skrive og snakka og halde minnetaler om kva for eit stort menneske han var. Mandela sit no saman med alle dei andre englane og ser ned på menneska og undrast kva no…. dei vil vere glade om det blir noko meir ut av det enn berre ord. […]

Adventvent 9

Eld ved kveld Etter krigen var det manko på mykje; mor var glad då ho fekk kjøpt ein heil stuv med ullstoff: tettvove og tjukt…. gråbeige….tenk det! Mor sydde kjeledress til meg og bukser og jakker til storebrørne mine…i minst tre omgangar. Vi var godt kledde for basing i snøen, renne på ski eller kjelke. […]

Adventvent 8

Handa hans far Det er 1. juledag for 63 år sidan. Småjenta fekk vere med Papa på besøk til Bestemor og Bestefar. Togreisa var fest! Frå eg forventningsfull stod på perrongen og hørte toget tuta bakom svingen….Toget var Verden! Vart vi tørste, var det berre å skjenke vatn frå dei vakre karaflane høgt på veggen. […]

Adventvent 7

Soloppgang i sinnet Ein dag i desember som denne er som skapt til refleksjon. Heile verda er kvit. Det snør ovanfrå og nedanfrå og sidelengs. Når du ikkje ser lenger enn til naboen, når fjorden er borte og fjella bakom berre ligg der i ditt minne… underleg kor klåre tankane blir….    Møte Ein dag […]

Adventvent 6

Mangfald Tenk om vi alle var like! Du, kor kjedeleg ei verd…. Men likskapstrekk er det, så visst: alle har vi grorbotn i oss til ville å redde verda eller til å medverke til den lille forskjellen, til å ønske å krype inn i oss sjølve og tilogmed surmule litt innimellom, og kva med ‘meg […]

Adventvent 5

Småtankar …frå ei vakker bygd ved ein stor fjord…i eit lite land Vi har det så godt. Vi har det så altfor godt. Vi har det betre enn vi skulle hatt det….. særleg no i adventstida.Mange i min generasjon er kjende med omgrepet og kjensla ‘dårleg samvittigheit’. Det vert ein liten frustrasjon i meg dette; konflikten mellom […]

Adventvent 4

Engledans og englesnø Det skulle helst vere snø og snø, gjerne nysnø av og til, og den måtte dekke over alt som minte om andre årstider. Eg syntest ikkje noko om strå stikkande opp av snøteppet. Utpå seinhausten når gradestokken oftare var under null enn over, var slutten kveldsbøna, før amen: ‘Kan du ikkje la […]

Adventvent 3

Når englar stupar kråke Englar kan alt. Syngje. Danse. Gje deg ei varm omfamning – utan armar. Stupe kråke – gjere både forlengs og baklengs salto. Dei kan tilogmed gjere små apestrekar; men dei kan ikkje vere ekle med kvarandre, eller mobbe. Det er likesom ikkje engleaktig…. på eit vis. Tenk om vi kunne vere […]

Adventvent 2

Og dei såg hans stjerne i aust…. Den mektigaste stjernehimmelen eg nokon gong har sett, var 31.desember 1998, på Solbjargr, hytta vår i fjellet i Gol. Det var første gong eg verkeleg såg og forsto dette med Melkeveien. Idet vi gjekk inn i ‘Det Herrens år’ 1999 stod vi ute….i kalde vinternatt…… og var eitt med […]