Kategoriarkiv: Blogg

Ellevtedag jul…..

Blåklokke lang smalO, du heilage kvardag….

Eg likar best kvardagar, det gjorde eg óg som liten. Vi fekk ikkje lov til å bruke saks på søndagar… og eg som var så glad i å leike med papirdokkar og designe nye klede, og då trengde eg saks…!.Eller brodere og strikke…. Og i alle fall ikkje sy med symaskin, så alle dei fine små avskjerlappane i mor sine sysaker, måtte fint ligge der om søndagen. Det var igrunnen barnetimen klokka seks lørdagskvelden som var starten på helga. Innessyssel på søndagar var lesing og teikning. Så lenge ‘presten var på stolen’ skulle vi halde oss inne. Dei søndagane det ikkje var preik, sat vi i beststova og høyrde på ‘messa i radio’ og song i lag med på salmane. Det var nesten som i kyrkja, eg såg for mitt indre blikk rosene i taket og altarbiletet av ‘Jeg er oppstandelsen og livet’……Av og til sat Papa og spelte på orgelet i skulerommet. Eg fekk tonar med meg frå slike stunder, laurdagskveldar eller søndags føremiddag…. og tonar har fylgt med meg heile livet. Når eg spaserer, kling ein spasersong inni meg. går eg er det gjerne i takt med ‘Lisa gikk til skolen’…. mens ‘Valsen går på Sunnanø’….for å rytmen inn, vert det tunge slaget på venstre og høgre fot vekselvis…. Julesongar kling like godt til all slags tempo, i all slags vèr og til alle årstider….. dei er tidlause….

Finn dine tonar
og set dei saman
til ein melodi
Så kan du
vandre ut i dagen
i takt med melodien
:::::

Adventvent med julepost

Julebrevet…

20140222_131515 VANGSNES kyrkjeEg vaks opp med ‘Posten’. Den raude postkassen heng på veggen rett bakom meg. Stavn Poståpneri var i huset eg budde i. Far var lærar og poståpner. I skuletida var det mamma som var poståpnerske. Vi gjekk annakvar dag på skule og på fridagen hende det eg fekk vere med å sortere post og skrive inn inkassasjonar! … med blåpapir for dublikat! Eg elska å sortere juleposten. Brev var kjedeleg, mykje kjekkare med kort, dei hadde så mange koselege bilde. Eg trur mitt kjærleiksforhold til kort kjem frå min spede barndom. Eg bladde mykje i julekortbunken  julaftan. Vi spelte kort med julekort; noko i likheit med Vriåtter. Kortstokk var bannlyst, men julekort var heilt greitt…. tilogmed bibelsk!  

Julehelsingar kring jorda
inneheld dei same orda
som i fjor
ord som varmar
ord som lyser opp
i ei travel førjulstid
Og vi stoggar litt i julestrevet
Set oss ned
lar tanken kome
om dei mange årets dagar
kven vi møtte
kva vi gjorde
Ryddar i dei gamle breva
knyter band om bunken
føyer år til år
midt i bunken ligg ho
helsinga frå deg
bandet som oss saman binder
Gode tankar rundt vi sender
mest som hender møter hender
knyter til ei hjart’leg helsing….

Adventvent med barnet…

Tindrande barneblikk

bjørg… forventning er eit varmt ord. Å vente så ein har vondt i magen, er ikkje fullt så varmt. Begge høyrer jula til. Vi kan plukke dei fram, eitt for eitt: løyndomsfullt og gåtefullt og betlehemsmarkene. Vi gjekk til kyrkje 2. juledag. Det var gnistrande kaldt, det knitra under skorne, nasebora snørde seg saman og håret som stakk fram under strikkelua, hadde fått blonder av rimfrost. Vi blei helsa velmøtt av smilande menneske og lys! Eg gledde meg til å ta av kåpa, for å syne fram ‘julekjolen’. Elsa og Liv og Solveig hadde matroskjolar med kvit silkesnor og fløyte!
Kimer i klokker gjekk over i tre malmfulle slag, så stemte ho Brita til med Preludiet! Det var eit vanskeleg ord, og tonane kom nesten som frå himmelen, dei fylde heile kyrkja og svevde oppunder kvelvingen der dei la seg til ro. 
Andektig steig klokkaren ut i kordøra, opna si store svarte bok og las: ‘Herre, jeg er kommet inn i dette ditt hellige hus for å høre hva du ….’. Han sang på kvart ord; han var ekte nordfjording. Tenk, han heitte Vereide til etternamn… midt på flate Austlandet. Fornamnet Abraham syntest no eg høyrde til i Bibelens land. Det var innvandring i dei dagar, også! Salmane var det aller kjekkaste, og dei skulle ha mange vers, så eg lærte melodien. Eg blei flau ein gong; hadde ikkje forstått at det var v.1-3, så eg stemde i på det fjerde! …. Det var så mange spennande ord i kyrkja, slik som ‘dettehelligeevangelium’ og  og ‘velsignetværedu’! Yndlingsordet var ‘kyrieleison’. Då tenkte eg på når ho Ella mjølka kyrne i fjøset og sat på fjøskrakken og venta på 3 liter mjølk i spannet. Det var så godt med varm mjølk….. (det er lenge sidan no…), men det var litt skummelt å gå heim i mørket ned gutu…
Der kom det eit spennande nytt ord: ‘evangelistenlukas’. Presten på stolen var flott i den fotside svarte kjolen, men kragen var det flottaste. Eg hadde so lyst på ein slik ein! ‘Du mama; kan du sy…’ ‘Hyst no’… ho løfta fort fingeren til leppene, og eg forsto øyeblikkeleg! I kyrkja er det einast ‘Fadervår’ du får si fram!  Godt vi hadde så mange salmar og så mange fine blomar i taket, og tusen blanke lysekroner. Eg lurte meg også til å synge med på Postludiet… kunne ikkje fatte kvifor ikkje alle song av full hals, for det var så vakkert!
Barneminne
gjev kulør
til livet
perspektiv
på tilveret

 

Adventvent kring Esefjorden

Kling no, klokka

bb-julekvadDet er tredje adventssøndag, klokka er halv seks og eg er på kyrkjeveg. Kring fjorden. Esefjorden. Vakker som få, omkransa av daler og lier, høgreiste fjell og farlege sva. Inne i fjordbotnen, går fjella halvannan kilometer opp mot himmelen… Ved elveleiet plukkar vi kvitveis og gulveis og bekkeblom når vi kjem heim frå konfirmantgudsteneste i mai. Sommarstid finn vi orkideen Flekkmarihand ved strandkanten. Går vi heilt ned til vatnet og og lyfter augo opp mot himmelen, finn vi oss i age for høgdene og i ei kjensle av å vere langt frå verda…
No spriker trea med nakne greiner, naturen ventar i sitrande spenning på snøkåpa… eitt og anna fjom i lufta. Vakker kyrkjeveg… men hei! her heldt eg jammen på å ta ein svingom midt i vegen…. Hald augo på vegen, jente, her er glatt! 
Tjugum kyrkje skin i alle lysekroner. Oppunder kvelvingen samlar dei seg, juletonane.
Med eitt er eg i  barndommens kyrkje i Flå, der ho Brita Bjørnetun Jorde fekk kyrkja til å juble i orgelbrus. Ho hadde ei underleg dialekt, den første sogningen eg lærte å kjenne, men vi  tilgav henne talemåten, for ho var også slik ei grepa håndgjerningslærerinne! Ho hadde ei høg stjerne hos meg….  Taket var fullt av roser og stjerner, fint for ei lita jente å studere medan presten var på stolen…Vi hadde fast plass på fjerde rekkje, like ved den runde rødglødande vedomnen. Det knitra så vakkert, og eg kunne såvidt skimte elden kring den gisne omnsdøra…

Tilbake under høge fjell
kring nattstille djupe fjord
snøkrystallar dansar og glitrar
….. julebod
med himmelsk ljod….

Adventvent med julebakst 1

Bakstekona

Ja, vi elskerbjørgHo var ein institusjon rundt ikring på bygdene i gode gamle dagar. Vi hadde ei heime i Stavn… på 40- og 50-talet. Eg ser ho for meg, nabokona, ho Gunnhild frå Brendestugu. Tidleg om morgonen blei det fyrt opp i den store svarte eldhuskomfyren, og snart såg vi ho kome rundt svingen med veskene sine. Dei var mest som heilage,  kjevlene og bakstepinnane ho fann fram. Kor mykje eg verkeleg hugsar av dette, er eg ikkje viss på, men denne gode, varme stemningen, den sit spikra i hugen.
Ho hadde eit eige lag med leivane, frå dei var små runde bollar, til dei vart til tynne store runde leivar. Når ho breidde denne runde ‘pannekaka’ utover bakstehella, fyllte ho nett ut til kanten. Eg var like spent kvar gong, om ho skulle treffe! Ho hadde målet i minnet og handelaget frå mange års virke. Flatbrødstabelen ved enden av dagens dont, den hugsar eg. … og smaken…………..
Eg var ikkje spesielt glad i flatbrød! Men du verda for eit minne…

Det lyser i stille grender

Julesongar året rundt

småfugleneHøyrer du med til dei som gjerne kunne syngje julesongar heile året? Her finn du meg. Då eg var dirigent for Songlaget, hadde eg julesongane framme frå tidleg på hausten. Det murra nok litt hos medlemmene…. ‘me kan no dei frå før, folk vil helst høyre dei same gamle….’ Det hører med til ei anna historie korleis bassen og eg kom fram til semje…..
‘Det lyser i stille grender’ kom ut i 1931 i juleheftet ‘Jul i Sunnfjord’. Først i 1948 blei Jakob Sande sitt dikt levandegjort ved tonesetjinga til Lars Søraas. Eg hugsar far eller ‘Læraren’ lærde oss songen i skulen, og det var den første songen eg lærde meg andrestemme til. Songen har fylgt med meg frå min barndoms grend, Stavn i Flå. Nord i grenda låg den gamle garden Hefta, innunder grankledde høge nut. 
Songen frå vest og akvarellen frå garden i aust smeltar saman til eitt av mine kjæraste julekort.
Med fred
frå fjell
og stille skogar
kling juletonar
ved vintertid….

Adventvent med Prøysen

Historien bak eit julekort

APRIL-2008(RGB) Julekveldsvisa har fylgt mange av oss frå vi var barn. Mine første år som akvarellmålar var vigd mykje til spesielle, helst gamle hus. Frå vandringar på Øyragata i Lærdal fekk eg hjartebank ved eitt hus. For meg blei det ‘Prøysen-huset’  langs Præstvegen på Ringsaker. Eit lite, raudmåla hus med venlege vindauge. Dette blei huset der a Jormormatja bur. Stjerna stod over hennar tak. Nabohuset fekk vere med, som ein slags kulisse på scenen. Det er kvitt og har tallause ruter i vindaugene. Oda og Bjørg Ellinor, to av mine barnebarn, går syngjande med julegåver til barnet. ‘Jordmormatjavegen’ akvarellen heite. Det blei til eit av mine tidlege julekort.
Ei tid seinare fekk eg vite at i det kvite huset budde Jormora i Lærdal og i den raude stova budde ‘badnajenta’ til Lindstrømfamilien….. 
Ja, det var fyrste gongen som julestjerna brann,
men sea har a brønni i alle verdens land,
og såmmå å som hende er stjerna like stor
– du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.

Adventvent saman med adelen…

Julesong på Helsetunet

Kort 2 Songlaget – i år som alle år – syng jula inn for dei gamle. Som vi stod der og song ‘Å, kom, la oss følge stjernen i det høye…’ undra eg meg over kven ‘dei gamle’ er? Eg talde elleve ‘gamle songlagssongarar’. Det er ikkje lenge sidan dei stod ved sida av meg i koret….vakre røyster og songen deira kom frå hjartet, frå songarglede.  No song dei i lag med oss og dei song framleis med hjartet og dei er framleis unge… tilogmed litt barnlege.. Ho Elisabeth sa det med verdig mine og rak rygg: ‘Det er så godt å se at de eldre er med, da blir det så riktig liksom’….

Vi er saman
på vandringa
i ‘eit uoverskuelig pilegrimstog’
vi glèr oss når mørket flyr
for lyset blant oss bor’…
midt oppi all elende
som snik seg innover oss
Gamle eller unge
kva betyr no det….

Adventvent i skodda

Første desember….

Abstrakt Drop(LR) kopi12247046_1647886068792861_4322568263964068131_nFrå eg var liten hadde det ein eigen klang: Julemånaden!
Her i dag er det ikkje mykje som minner om
desember med barndommens ingrediensar:
kvite enger, islagt vatn og snøkledd granskog.
Skodda ligg tungt nedpå fjellsidene,
sluddbyger og innimellom våte snøflukser
som går over i store våte dropar fyllte med kaldt vatn. 
Herleg!
Du ser så langt i skodda.
Fjella stenger ikkje
vi kan sjå forbi alt som tyngjer
og over i alt som gir glede
Sola sine varme stråler
frå i sommar
treffer oss som
rensande regndropar i ansiktet
Du kor vakker skodda er