Kategoriarkiv: Blogg

Adventvent 22

Det lyser så stille…

Mørketid, sa dei vaksne, utolmodig ventande på lysare tider. Eg forstod ikkje heilt. Snøen var då ikkje mørk! Om dagen var han kvit og rein som ein nyvaska juledagsduk. Kom sola fram, vart snøen skinande og forlokkande. I skumringstimen blei det eit fargespel i lillatonar, lysa frå husa gav eventyrskin på snøen….. Nei, vinter og snø måtte bare vare lenge! ….og så kom jula med juletre og glitter og lys….og englar….. Barn ser verda med sitt blikk og har ikkje den vaksne sitt perspektiv. Der det er lyst, er det også skuggar. Der det er glede, er det også eit islett av smerte. Smerte over å miste, tunge tankar om å skiljast. Sorgen og gleden de vandrer til hope’. No i desse førjulsdagane har vi nett tatt farvel med ein av bygda sine trugne tenarar. Samstundes ventar vi spent på ein ny verdsborgar i ein annan del av bygda…… slekt skal følg slekters gang…. Jula handlar om lyset som kom og sende strålar gjennom mørke natt…..

Snøen lavar ned
lydar vert lydlause
og tankar vert undrande

Snø legg eit teppe
med varme lystonar
og tankar vert tyste

Vinterleg sol bryt
gjennom snøen
og tankar vert klåre

Snøktystallen glitrar
i alle fargar
og tankar vert lyse og elleville

Haustonna er i gang!

BranchLRHaust

Tida for refleksjon over ‘tid’. Den forunderlege syklusen som livet vårt er snor seg rundt. Tida for nye akvarellsprang og spilloppar. Sommaren har gitt ny inspirasjon og nye bilder er i kjømda…… Blir du aldri lei?… Veit du alltid kva du skal male?… er spørsmål mange stiller… og det same svaret får dei alle:
Malinga er sjølve livet.. og eg har eit spennande liv! Motiva står i kø, utfordringane er mange….
I fjor på denne tida gjekk det litt i stå med både det eine og det andre produktet. Mange blei skuffa over at den årvisse kalendaren ikkje kom. Denne hausten har vore fylt med  soloppgangar, med fargeglød, med blåbær og tyttebær, helse og med den gode ferieturen til Oslo og København, familiepåfyll med mykje meir …. som kan samanfattast i eitt ord: INSPIRASJON! Og plutseleg var alle ingrediensane på plass for ‘Vandring på solstråler’…. Kalendar 2016 kjem snart……….

Er ein
utanfor tid
lever ein
i eitt med
æva
Er ein
utanfor
rom
kjenner ein
stunder
av samband
med universet

Å huttetu!

‘Midt i musikken’ eller ‘Det er her det skjer’

Du har kanhende hørt om Det gylne hus i Balestrand? Heilt sikkert har du hørt og lese om Reiselivsmuseet! Vi er næraste nabo og har no i fleire år med lengsel og smerte sett fram til at det skal opne. Vi har levd og arbeidd i bråk og støv og stein ei stund no…. og bråk er det fortsatt…. enda nærare husveggene. 
For no skal det byggast veg! Rett forbi hushjørnet vårt! Heilt inn til veggen! Slik ser det ut no! 
AnleggsarbeidTeknisk etat-karane har teikna vegen og staffasje ikring…
og dei karane kan bruke blyant og linjal og vinkel,
tilogmed vidvinkel og GPS!
No har dei fått dugande ‘snikkarar’
som kan lese teikningane
og handtere spade og spett og
stubbebrytar og trillebår… 

Og vi skal gjere hovudreint slik at Det gylne hus skal skine om kapp med sola!
… og plante roser! Og alle hjerter gleder seg!

21.Rose på stilk

Tankar i regnet

Dropeunderet

blomsterjente(LR)Ein regnvèrsdag som denne… tenkjer eg tilbake på barndommens sommardagar. Dei var alltid fulle av solskin! ‘Då sommaren var sol’ har eg kalla eit av bileta mine; minne frå sommarens blomeenger, blåbærturar, hoppe tau og paradis! Regnvér høyrde likesom ikkje med. Dagar med regn hoppa vi over, dei var ikkje heilt å rekne. Likefullt var dei der! Dei inneheldt små dropar som fylte holer i grusen på vegen. Vi leika med dei; vi hoppa over dei eller vi hoppa i dei; o, barnlege fryd! Vi har alle våre sommarminne….fylte av soldropar….

 


Det vesle under

i kvar ein drope
Kjem solstråler
får dropen sølverskin
med glorie av gull
og midt inn i
ligg kimen til alle fargar
Tenk på raudt
så ser du roser
Tenk på blått
så ser du habet
Tenk på gult
så kjem soleier
Tenk på grønt
så sprier graset
Tenk på lilla
og tonar kjem til deg
I dropen ligg spiren
til alt liv

Lyset

Morgonar set spor

Korleis blir denne morgonen…..alltid like spennande
Vert han sollys med raudnande vakkert fargespel på fjorden?…. Vil dei blågrå skyene gøyme solstrålene!… Kanhende ligg skodda tungt ned på åassidene og fjord og alle fjell er eit syn bare i vårt indre … Vi veit dei   e  r   der….
Slik var han, denne morgonen. Skoddeteppet glei sakte ut frå Fjærlandsfjorden… og møttest midtfjords med teppet som låg over Vangsnes. Det var eit mildt samantøt, mest som ei omfamning… og fjorden anda fred. I slikt eit utsyn vert tankane ikkje uroa av mangetusen fargeinntrykk …. ord set seg saman inne i hugen…. nokre usamanhengande tankar flyt saman og vert til tankerekkjer….

Du gylne jord(LR)Går tida?
Tida renn aldri frå deg

du fyller kvart sekund
med tankar og gjeremål
nokre trivielle
og lite av det storverket
du drøymde om
Ei tid er for slike
og ei for dei meir 
himmelstormande
Alle verk – store som små
vert gjort i sekund av tid
Dette sekundet
tel og fortel

 

Mere fjell

‘Har du sett eitt, har du sett alle’ (overhørt i ein samtale mellom to turistar!)

For nokre år sidan stilte eg ut saman med fotografen Johan Brun. Han hadde ein del bilder som høyrde til utstilliga ‘mere fjell’ … Denne titelen talte til meg og har følgt meg seinare…. Norske songar med islett av fjell finn vi i fleng ….Dei gamle fjell i syningom…. det er noko traust og stødig ved desse monumenta …… ‘høge fjell gjer himlen trong’ ….heiter det. Ei lita omskriving….. ‘høge fjell gjev ein høg himmel’  ….vi må vende blikket så høgt vi kan, då får vi faktisk ei kjensle av at himmelen er høgare….

Dei fjell og dei dalar som vi ‘i den fyrste ungdom såg’, vert med oss heile livet…. tilliks med Bibelsoga og Katekisma og Landstads reviderte…. Eg har tvillingfjella i Hemsedal, Storehødn og Veslehødn, som min barndoms desiderte ‘toppfjell’. Barndommens fjell gjer eit inntrykk i hugen som aldri forsvinn. Førti års liv ved fjorden i Sogn set spor. Alle buktingar i landskapetog alle nye fjordarmar som banar seg lei inn i landskapet, gjev fjell framside og bakside, alt etter som kvar du bur. Alle vil vi ha ein bit av eit fjell i eige…

fjellSola glitrar på snøkrystallane
og gjer den kalde vinterdagen
3 grader varmare
og 100 % lysare

Naturen andar av
stille fundering
og vidopen
forundring

 

[box style=»rounded» border=»full»]Vindreken er eitt av dei mest markante fjella ved Sognefjorden. Det har eigentleg tre toppar, den inste er 1273 m o h. Spesielt i vinerham kan ein sjå eit løvehovud i teikningar i fjellet.[/box]

Midt i november… eller februar…

Mellom bakkar og berg

Amerikanaren kan ikkje heilt forstå at vi kan overleve den lange vinteren. Når dei spør ‘kor mange menneske bur i Balestrand’ og eg svarar ‘1350’…. så er ofte neste spørsmål: ‘Kor mange bur her om vinteren?’ og dei undrar seg…. Då pleier eg av og til svare med å syngje eit par vers av Mellom bakkar og berg til dei…  ‘men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand’ Det er rett og slett slik at våren ligg på lur innunder bringa vår, heile den lange vinteren igjennom… Somme tar ein soltur til syden, men når våren kjem med alle sine dufter og syner; det spirer i blomebed langs veggen og det grønkast i lier…. då kan han ingen stad venare sjå….

Himmel 1Her stoggar eg
i den daglege vandringa
og ser verda
frå ein annan vinkel
Strålene frå sola
tar eit venleg streif
over bergknausen

men det ligg jo i skuggen!?

Ved nærare syn finn eg svaret:
Det var eit venleg menneske
som gjekk forbi
og gav meg eit godord
..den store forskjellen..

Nesten oppe!

 Vel begynt er halvt fullendt… halvt fullendt og litt til…  …

Vil så gjerne få blomane til å klatre i berget slik dei verkeleg gjorde. Ei revebjølle vaks ut frå ein sprekk i gneisen.. tiriltungene kraup over grøfta innunder det bratte berget… sommarfuglane sette seg på dei delikate stenglane til Blåklokka der ho uredd klatra overalt i bergasida… tyttebæra vaks utav ei liti von på hamrane ved stupet, og klungerrosene, ja, dei oppførte seg som heime og eigarar av heile bergknausen! Men den mest selebre gjesten var dei kvite orkideane, som sende sin eksotiske duft i kveldinga; Nattviol herself!
Dei daglegdagse…dei trugne trælan, som gledde oss mest heile sommaren i gjennom… engsoleien og storknebb! To motpolar i fargesetteing men i fredeleg samhald og i samhandling med Marikåpen. Tenk for eit samarbeid og korleis ein i felleskap kan ‘kle berget’!
Vi har mykje å lære av bergaklatrarane….

20131210_011626


Lykke

er når vegkantane
kjem deg i møte
og soleiene spring ut
i tusen blomesmil
i midtsommardagen
Når blåklokka
gjev oss ei lekse
i klatrekunst og vågemot
Lykke er
når sommarfuglen
flagrar og ønsker
Lykke til!

 

20131210_011557

Sommarregn
er det
beste
eg veit

nest
etter solskin

 

 

Følgjetong… 3. kapittel

Kan ikkje anna enn vere glad…

I dag er ein uvanleg dag…så langt. Andre dag i den andre månaden; vel ute på trappa kjende eg det: det møtte meg; eit lett duskregn i mild luft mot kinnet… ein særeigen duft fyller lungene. Nede ved Esestrondi… Vindreken ligg i skodde, men Ramnaberget står klart fram med sine blankskura glinsande sva….fjorden er stille … små regndropar leikar sisten med ringar i vatn… Sola er eigentleg ikkje framme i det heile, det berre kjennest slik. På veg heim att bryt sola fram som ei stjerne i det grå… No er det berre regnbogen som manglar på det fullkomne…Ikkje før har eg tenkt det… eg snur meg og der stig fargebogen opp over Tjuatoten….

NattfiolKjenner du Ola Setrom?  Ikkje eg heller, men eg kjenner eit dikt han har skrive …. eit dikt som sprudlar av glede!
Å, nei du, for ein dag det vart!
Eg vil til arbeids gå meg!
Å nei, at sola er som gull –
at gleda heilt skull’ få meg!
For eg er glad, ja og berre glad,
alt skin i sol og glede.
Sjå fivreld fyk frå dogga blad
i sølv og silkeklede…
Kan gleda beskrivast på nokon betre måte?

 

[box style=»rounded» border=»full»]Februar er årets andre og korteste måned. Februar betyr renselse, og på denne tiden av året hadde romerne renselsesfest. I den tidlige romerske kalenderen var mars årets første måned og februar var den siste. I Norge i norrøn tid ble februar kalt Gjømåned etter gudinnen Gjø. Senere, faktisk helt frem til1827 stod det blide­måned i almanakken. Det var det hyggelige navnet til februar fordi dagene ble merkbart lengre. – See more at: http://www.aktivioslo.no/guide/aret-rundt/februar/#sthash.DYAGe2ly.dpuf[/box]

Følgjetong … 2. kapittel

Dronninga av revebjøller!

Aldri hadde eg sett revebjøller før eg flytta her Vest. Den kvite varianten står for meg som ei dronning blant revebjøllene. Ho er rein og skjær, nobel og opphøgd. Ho held seg litt for seg sjøl, men ho held seg ikkje for fin til å vekse i veggrøfta eller i bergskorter med skrinn jord! Saman med den meir fargesterke utgåva,’Digitalis purpurea’, dei blir nesten som eit ektepar.

Eg ser litt symbolsk på revebjøllene: Dei auser ned over oss gode gåver og vi ser ikkje kva dei inneheld, for utspringet ligg løynd, djupt inne. For meg er det ein vakker tanke, og i tillegg er dei eit ‘syn for gudar’! 

bjø-revebjelleDråper

regndråper
tåredråper
doggdråper
mange dråper små
dråpen som flyt over

vanndråpen renser kroppen
regndråpen nærer gras og blom
tåredråpen renser sinnet
doggdråpen lyser inn i sjelen

dråper til liv

 

Revebjølla til venstre er av og til brukt som logo til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Digitalis purpurea er det vitskaplege namnet.  Revebjølla øverst på sida er ein liten detalj av, er eit stort prosjekt: 104 cm x 77 cm … … eller 0,8 kvadratmeter kvitt papir som gradvis skal forvandlast til ein akvarell. Den største eg nokonsinne  har tatt i ferd med…. spennande å sjå om akvarellen blir slik eg ser han for meg i mitt indre blikk. Det er ei ferd i ukjend land….. Eg gjev meg trøstig i veg. Håpar veret blir bra: regn og vind og sol i skjønn foreining….