Adventvent 9

Eld ved kveld

Etter krigen var det manko på mykje; mor var glad då ho fekk kjøpt ein heil stuv med ullstoff: tettvove og tjukt…. gråbeige….tenk det! Mor sydde kjeledress til meg og bukser og jakker til storebrørne mine…i minst tre omgangar. Vi var godt kledde for basing i snøen, renne på ski eller kjelke. Ein i kvar syskenflokk hadde rattkjelke. Jo større den var, di fleire fekk plass. I store, lange bakkar var det kjelke, i slake bakkar var sparken best. Så laga vi sparketog. Vi hekta sparkane  i kvarandre, den største sparken med den sterkaste sparkaren bakerst…den minste fremst. Eg som minst i leikelaget sat fremst på ‘Veslesparken’ og tok støyten når vi velta viss farten var for stor i svingen…..og det var han ofte…Det sterkaste minnet frå kalde vinterdagar… eg kom inn, full av snø over heile kjeledressen,  raud på nase og kinn… det knirta koseleg frå bjørkeved i Jøtulen… langsamt mjukna stivkalde fingrar og tær… og eg las omatt og omatt orda som var smidd inn over omnsdøra….

Eg grev ned min eld
seint om kveld
Gud gjev min eld
aldri sloknar ut

…..vi skulle skrive dikt på ovnane no óg

Adventvent 9

Eld ved kveld

Etter krigen var det manko på mykje; mor var glad då ho fekk kjøpt ein heil stuv med ullstoff: tettvove og tjukt…. gråbeige….tenk det! Mor sydde kjeledress til meg og bukser og jakker til storebrørne mine…i minst tre omgangar. Vi var godt kledde for basing i snøen, renne på ski eller kjelke. Ein i kvar syskenflokk hadde rattkjelke. Jo større den var, di fleire fekk plass. I store, lange bakkar var det kjelke, i slake bakkar var sparken best. Så laga vi sparketog. Vi hekta sparkane  i kvarandre, den største sparken med den sterkaste sparkaren bakerst…den minste fremst. Eg som minst i leikelaget sat fremst på ‘Veslesparken’ og tok støyten når vi velta viss farten var for stor i svingen…..og det var han ofte…Det sterkaste minnet frå kalde vinterdagar… eg kom inn, full av snø over heile kjeledressen,  raud på nase og kinn… det knitra koseleg frå bjørkeved i Jøtulen… langsamt mjukna stivkalde fingrar og tær… og eg las omatt og omatt orda som var smidd inn over omnsdøra….

Eg grev ned min eld
seint om kveld
Gud gjev min eld
aldri sloknar ut

…..vi skulle skrive dikt på ovnane no óg