Blad frå minneboka
Ein novemberdag kan opptre så mangearta og mangefarga at det kan ta pusten frå oss.
Det er godt med litt gråvèr innimellom, så ein kan få ro til tanken. Her sit eg og funderer på grått og høyrer regndropane utom vindauget spelar preludium. Sinnet er stemt til andakt og eg blar meg gjennom haustminne på fotoarkivet. Må berre dele med deg desse varme blada frå Frogneparken.
Haust er lik ei kjelde
Kjeldespringet er dine tankar
dine kjensler
din visdom om livet
aus av kjelda
ho er utømeleg rik
som du