Jul i gamle dagar

Eit tidsbilde frå 1957

03Julemiddagen var alltid ribbe og surkål. Mor laga nydeleg saus, og eg var veldig fornøgd med saus og potet! Heimelaga is, nedfryst i snøen, var himmelsk, og oppvasken gjekk som ein leik! Eg vaska og bror Odd tørka… eg måtte ikkje vaske fortare enn han klarte å tørke. Viss så skjedde, la han tallerknane ned i vaskevatnet igjen. Eg tålte det meste på ein slik dag… 
Gang kring treet, vi nådde rundt, vi fem. Og så kom det som vi hadde venta på så lenge. Eit heilt år! Alle hadde fått og eg var vel nøgd med mine, det var som regel 14 eller 15…
Roen har senka seg, pakkene er opna. Julekjolen min dette året var spesiell, tenk, bunad! Det var perlebroderi på brystduken, og sølja i halsen var blank og skein om kapp med oss andre. Broder Odd var motebevisst og hadde tidsriktig genser (vil berre stadfeste her at mange av maskene var strikka av lillesøstra!) Alf var audiovisuell freak allereie den gongen og er ganske så stolt av Tandbergs båndopptaker. Han og Odd tok opp program frå radioen. Under opptak måtte vi vere musestille. Det var ingen USB-kabel i dei tider. Med mikrofonen tett inntil radioen blei det bra opptak! Det var juleprogram frå Store studio! Far og mor er andektige. Stunda er heilag … eller er det rett og slett spenning om når selvutløsaren på fotoapparatet skal knipse bildet?… Juleappelsinene frå Amerika og eple frå Lærdal er på plass i det store fruktfatet. Julekvelden er fullkommen…

 

This post is also available in: English