Pilegrimsveg med høgt syn

Nokre små regndropar helsa oss på vegen

Ingvar og Arthur i kvar sin skulptur…dei fekk ikkje følgje av fleire…varmt i véret… No var dagen og tida for rekognosering og litt meditasjon på pilegrimsleden! Dei har rydda og fundert på kor det er best å leggje stien….. Eg trur Ingvar og Arthur var spente på å vise meg arbeidet dei hadde gjort…..
DET BLIR BRA!… Stien snor seg forbi steinar, kryp oppetter lyngkledde bakkehell, og buktar seg kring eldgamle malmfuruer og styvingstre som ikkje har vore stuva på mange dei år! Så klyv han litt oppetter runde steinheller dekte av mose og lav…ein og annan bautastein gjev tankar om dei som bygde og budde og gjekk under dei same trekronene og såg utover den same fjorden. Ein liten surlebekk laga akkompagnement til tankane mine… eg måtte berre småsyngje litt inni meg… nett hatt feiring av Grunnloven i kyrkja og Songlaget deltok med Gamle Norig.. nørdst i grendom er vårt eiget ættarland… ved tanken vert eg høgtidssam og ærbødig overfor den vakre naturen vi får vere pilegrimar inne i…

KvilesteinSomme steinar er merkesteinar
som fortel om garden si soge
Somme steinar er muresteinar
høvande til steingjerder kring ein åker
Andre steinar ligg i bekken
og har fått runde former
Hus for einkvan?etter kjælen leik med vatnet
Så har vi dei gamle stabbesteinane
som blondekantar langs vegen
Så har du steinen du ikkje kan beskrive
han er høg eller låg
knudrete eller glatt
avrunda eller flat
og du kan ikkje ta i miss når du ser han
Han er kvilesteinen
til nistepakke
og meditasjon
::::::

This post is also available in: English