Blog

Adventvent 22

Det lyser så stille… Mørketid, sa dei vaksne, utolmodig ventande på lysare tider. Eg forstod ikkje heilt. Snøen var då ikkje mørk! Om dagen var han kvit og rein som ein nyvaska juledagsduk. Kom sola fram, vart snøen skinande og forlokkande. I skumringstimen blei det eit fargespel i lillatonar, lysa frå husa gav eventyrskin på […]

Haustonna er i gang!

Haust Tida for refleksjon over ‘tid’. Den forunderlege syklusen som livet vårt er snor seg rundt. Tida for nye akvarellsprang og spilloppar. Sommaren har gitt ny inspirasjon og nye bilder er i kjømda…… Blir du aldri lei?… Veit du alltid kva du skal male?… er spørsmål mange stiller… og det same svaret får dei alle: Malinga er […]

Å huttetu!

‘Midt i musikken’ eller ‘Det er her det skjer’ Du har kanhende hørt om Det gylne hus i Balestrand? Heilt sikkert har du hørt og lese om Reiselivsmuseet! Vi er næraste nabo og har no i fleire år med lengsel og smerte sett fram til at det skal opne. Vi har levd og arbeidd i […]

Tankar i regnet

Dropeunderet Ein regnvèrsdag som denne… tenkjer eg tilbake på barndommens sommardagar. Dei var alltid fulle av solskin! ‘Då sommaren var sol’ har eg kalla eit av bileta mine; minne frå sommarens blomeenger, blåbærturar, hoppe tau og paradis! Regnvér høyrde likesom ikkje med. Dagar med regn hoppa vi over, dei var ikkje heilt å rekne. Likefullt […]

Lyset

Morgonar set spor Korleis blir denne morgonen…..alltid like spennande Vert han sollys med raudnande vakkert fargespel på fjorden?…. Vil dei blågrå skyene gøyme solstrålene!… Kanhende ligg skodda tungt ned på åassidene og fjord og alle fjell er eit syn bare i vårt indre … Vi veit dei   e  r   der…. Slik var han, […]

'Klåre vinter' Vindreken ved Esefjorden

Mere fjell

‘Har du sett eitt, har du sett alle’ (overhørt i ein samtale mellom to turistar!) For nokre år sidan stilte eg ut saman med fotografen Johan Brun. Han hadde ein del bilder som høyrde til utstilliga ‘mere fjell’ … Denne titelen talte til meg og har følgt meg seinare…. Norske songar med islett av fjell […]

Midt i november… eller februar…

Mellom bakkar og berg Amerikanaren kan ikkje heilt forstå at vi kan overleve den lange vinteren. Når dei spør ‘kor mange menneske bur i Balestrand’ og eg svarar ‘1350’…. så er ofte neste spørsmål: ‘Kor mange bur her om vinteren?’ og dei undrar seg…. Då pleier eg av og til svare med å syngje eit […]

Nesten oppe!

 Vel begynt er halvt fullendt… halvt fullendt og litt til…  … Vil så gjerne få blomane til å klatre i berget slik dei verkeleg gjorde. Ei revebjølle vaks ut frå ein sprekk i gneisen.. tiriltungene kraup over grøfta innunder det bratte berget… sommarfuglane sette seg på dei delikate stenglane til Blåklokka der ho uredd klatra […]

Følgjetong… 3. kapittel

Kan ikkje anna enn vere glad… I dag er ein uvanleg dag…så langt. Andre dag i den andre månaden; vel ute på trappa kjende eg det: det møtte meg; eit lett duskregn i mild luft mot kinnet… ein særeigen duft fyller lungene. Nede ved Esestrondi… Vindreken ligg i skodde, men Ramnaberget står klart fram med […]

Følgjetong … 2. kapittel

Dronninga av revebjøller! Aldri hadde eg sett revebjøller før eg flytta her Vest. Den kvite varianten står for meg som ei dronning blant revebjøllene. Ho er rein og skjær, nobel og opphøgd. Ho held seg litt for seg sjøl, men ho held seg ikkje for fin til å vekse i veggrøfta eller i bergskorter med […]