Blog

Adventvent 16

…..den himmel blå…. Min yndlingsjulesang? Alle er dei kjære, på ein eller annan måte. ‘Jeg er så glad hver julekveld’ var den første julelærdomen. Det gjekk nokre år før ‘Eg er så glad kvar jolekveld’ kunne syngjast med like stor glede…. den nynorske versjonen er ikkje den same songen, men einskilde vers er vakrare!  ‘Nu […]

Adventvent 15

Jula er song …og det er vanskeleg å velje i alle dei vakre julesongane vi har, så her kjem dei trillande ut blant stjernene i adventsnatta: No kling klokka i helga natt… og englar helsar i stille grender en morgenstjerne klar og skjær… en rose som utsprungen er, som barnet, som i Betlehem ble født […]

Adventvent 14

På sporet av den gamle julesangen Ein gammal julesang kom til meg  frå gøymsla ein stad han kom med gode bilete om Læraren som teikna stallen og stjernen og krubba og engelen på tavla og bileta var fylde med julesongar på gråpapir som lange banner til å pynte veggene til Juletrefesten der heile bygda var […]

Adventvent 13

Englevinger ‘…din engel meg bevare…. ‘Kjære Gud jeg har det godt’ var den første kveldsbøna. Så lærte eg ‘Nu lukker seg mitt øye’. Det blei favoritten. Det var så høgtideleg vakkert med ‘nu’. Det ordet hørte ikkje med i daglegvokabularet vårt… for meg er ordet framleis litt meir kristeleg enn nå eller no.Vi tenkte vel ikkje […]

Adventvent 12

Tida som kjem…. ‘Tida flyg’… ofte uttalt …samstemmig ….. Latinamerikanaren lærde meg ei lekse ein gong i tida, mange kalendarblad har blitt snudd etter det….og for kvar dag som kjem, prøver eg å minne meg på denne lærdomen: ‘Tida går ikkje, ho kjem’ …. og så lenge vi er her,  h a r   vi tid, […]

Adventvent 11

Julebrevet Smultringane og fattigmann var steikte og lagde i kakeboksane, ein med nisse på og ein med juletre og nek og fuglar. Så var det tid for julevasken… ein utriveleg dag med grønnsåpe og salmiakklukt over heile huset. Alle bildene var tekne ned frå veggane, gardiner frå vindaugene… det var i det heile eit kaldt og […]

Adventvent 10

Skumringstimen Etter Mandelas død har ei heil verd skrive og snakka og halde minnetaler om kva for eit stort menneske han var. Mandela sit no saman med alle dei andre englane og ser ned på menneska og undrast kva no…. dei vil vere glade om det blir noko meir ut av det enn berre ord. […]

Adventvent 9

Eld ved kveld Etter krigen var det manko på mykje; mor var glad då ho fekk kjøpt ein heil stuv med ullstoff: tettvove og tjukt…. gråbeige….tenk det! Mor sydde kjeledress til meg og bukser og jakker til storebrørne mine…i minst tre omgangar. Vi var godt kledde for basing i snøen, renne på ski eller kjelke. […]

Adventvent 8

Handa hans far Det er 1. juledag for 63 år sidan. Småjenta fekk vere med Papa på besøk til Bestemor og Bestefar. Togreisa var fest! Frå eg forventningsfull stod på perrongen og hørte toget tuta bakom svingen….Toget var Verden! Vart vi tørste, var det berre å skjenke vatn frå dei vakre karaflane høgt på veggen. […]

Adventvent 7

Soloppgang i sinnet Ein dag i desember som denne er som skapt til refleksjon. Heile verda er kvit. Det snør ovanfrå og nedanfrå og sidelengs. Når du ikkje ser lenger enn til naboen, når fjorden er borte og fjella bakom berre ligg der i ditt minne… underleg kor klåre tankane blir….    Møte Ein dag […]