Pilegrim blant naturens skulpturar

Furuskog med sjel

Barndommens furumoer forbinder eg med mystikk. Det var tidleg haust og laurdag. Vi laga niste og termos med kakao. Mamma hadde kaffi og den lukta godt men smakte forferdeleg. Det såg ikkje ut til å vere så mykje bær. Det såg heller tynt ut. Men sette eg meg ned og letta litt på lyngen, fann eg klase på klase med store mørkeraude, glinsande tyttebær. Fargespelet mellom bær og lyng og furustammer er med i nistepakka eg fekk med meg …. til å nyte i resten av livet. For ein skatt! Og for ein herleg kveld med Trollkrem til Barnetimen klokka seks.

20131027_134343
Ei god stund

er tida
du nytta vel
Tida du brukte
til å tenkje
Til å setje ord
til tankane
i venelag
eller aleine
tankar om livet
levd liv
og livet i morgon
Ta deg tid
til gode stunder


20131027_123907

Livskunne

Kunsten er
å stille
dei viktige
spørsmål
i livet
og godta at
ikkje alle
spørsmål
har
svar

 


20140213_112753I undring
og forventning
legg vi ut
på vandring
Tankar blit til
medan vi går
I kvart steg
ligg store
mysterier
løynde
Målet er
ny undring
ved ny
vandring


Skogen ved Pilegrimsstien gjev deg opplevingar du vil hugse! Ulike treslag, skogbotnen varierer frå steinut lende….mjuke moseteppe og plantefattig tørre barnålebotn frå mange år…. Skogen vil kanhende vere mest kjend for eikeskog og furuskog av heilt spesielt merke… Kom og sjå og opplev mysteriet ved å   v e r e … og  kjenne einskap med naturens mange mysterier….

Første Pilegrimsvandring Balestrand:
Olsokdag 29. juli 2014

Set av datoane 28.-31. juli så får du med deg heile arrangementet
Meir informasjon kjem etter kvart.

Følg med på heimesida!
Kvar ny ‘pilegrimsnytt’ vert kunngjort gjennom link til Facebook: Bjørg Frøisok Bjøberg.
Gje meg eit lite vink om du ynskjer direkte oppdatering.
Tlf.: 91562842 e-post: bjoergfb@online.no
..Vi kan også bli vener på facebook…

Open Me

I geometrien lærte vi om trekantar og firkantar, kuleform og kjegleform. Desse var enkle å finne ut av. Så var det den meir avanserte formen: mangekantar, dei var ikkje greie!…. I nåleskogen har vi gran og furu. Grana er den enkle. Men furua derimot… berre høyr dette sitatet: ‘Inntil førti meter høy nåletre; kronen til å begynne med kjegleformet med kransstilte grener, senere mangeformet; i lavlandet blir kronen avrundet, uregelmessig og med grove grener…’
Furua er interessant og spennande! Ho går ikkje etter faste reglar for vekst! Ho snor seg og snur seg etter ver og veksttilhøve. Og så duftar det så godt i furuskogen
Det vanligste byggematerialet for norske stavkirker var furu. Til grunnkonstruksjonen i stavkirkene benyttet man malmfuru som har hatt sein (tett) vekst og derfor har stor malmandel (andelkjerneved). Slike furutrær fantes først og fremst i høyereliggende strøk. Malmfuru er naturlig impregnert og meget varig, selv på værutsatte steder. Slikt trevirke ble derfor foretrukket til utsatte deler som staver, sviller, takspon og veggplanker (tiler).

 

 

FacebookEmailLinkedInGoogle+Twitter

This post is also available in: English