Kategoriarkiv: Pilegrimsnytt

Ja, det blir Pilegrimsvandring i år også!

Gå pilegrim til Kvamsøy 29. juli 2017

No er det fjerde gongen! På Olsokdagen vandrar vi igjen Pilegrimsleia frå Kallestad til Kvamsøy. Fire og ein halv kilometer lang snor stien seg gjennom eit lite stykke av den edlaste vestlandsnatur. Ei oppleving, både i regnver og solskin. Denne sommaren har til no vore heller kald, så vi har gjerne litt varme igjen på kontoen.
_MG_7286 (1)Kvamsoy kyrkjeProgrammet for dagen kjem vi attende til. Det viktigaste i første omgang, er at du merkar av denne datoen i kalendaren. Har du ikkje gått stien før, har du noko å sjå fram til. Har gått pilegrim til Kvamsøy før, vert det gensynsglede ved både krongletre og steinar, krossen og Tusenårseika. La det bli ein god tradisjon å gå Pilegrim til Kvamsøy!

Pilegrimsmerket

Tankar til logoen…

PilegrimLogoBalestrandDen gylne ringen ytterst er det uendelege, ringen utan byrjing eller ende, eller ‘frå æve til æve’….
Innanfor æva ligg det levande vatnet, symbolisert med den blå fargen.
Det kvite står for reinheit og er forma som dei fem kronblada i villkirsebærblomen,
Balestrand kommune sin offisielle blomst.
Dei fem begerblada symboliserer glede, fred, tilgjeving, von og vekst.

Det raude hjartet symboliserer kjærleik og krossen er Børtreet. 
Dette piktogrammet står på alle veg- og retningsskilta
langsmed pilegrimsleden mot Kvamsøy. 

Snart er Den store dagen her….

… i år som i fjor… på Olsokdagen den 29. juli

Pilegrimsleia0720150729_13553529. juli fekk Olav Haraldson banesåret og døydde på slagmarka på Stiklestad… for 986 år sidan. I påvente av 1000årsmarkeringa legg vi ut på pilegrimsferd. Tredje året på rad… Eg ser fram til dagen med stor forventning. Det blir ein vakker dag! I år har vi noko nytt å sjå fram til. Kva det er, vil eg ikkje røpe. Ver med, så får du oppleve Pilegrimsstien i ny drakt, med gamle og nye medvandrarar!

Den store dagen nærmar seg….

… i år som i fjor… på Olsokdagen den 29. juli

Pilegrimsleia0720150729_13553029. juli fekk Olav Haraldson banesåret og døydde på slagmarka på Stiklestad… for 986 år sidan. I påvente av 1000årsmarkeringa legg vi ut på pilegrimsferd. Tredje året på rad… Eg ser fram til dagen med stor forventning. Det blir ein vakker dag! I år har vi noko nytt å sjå fram til. Kva det er, vil eg ikkje røpe. Ver med, så får du oppleve Pilegrimsstien i ny drakt, med gamle og nye medvandrarar! 

Pilegrimslei-nytt nett no

Dugnad

Pilegrimsleia03 Pilegrimsleia01 20140325_103313 Pilegrimsleia07Store hendingar skjer ofte i det stille. Det har skjedd store ting med Pilegrimsstien også denne våren. Det har kome gjerde ved skumle stup. Fleire steinar for stødige steg. Ledetrådar å halde seg i der stien går på blanke svaberg. Dugnadsgjengen har vore på ferde. Med Jørgen i spissen. Dei har gjort ein framifrå jobb! Så har Arthur og Joakim vore ute med pensel og rød palett: Stien er betre merka. Neste steg er betre merkingar frå Kvamsøy og innover. Skilt med Pilegrimssymbol er undervegs. Det blir ei ekstra glede å invitere til Pilegrimsvandringa 29. juli. Mykje å glede seg over og sjå fram til med fryd!
Følg med på neste Pilegrimsblogg!

Milestein

Pilegrimskrossen

SteinKors02 20150729_140453No har pilegrimsleia fått sin merkestein. Ein kross. Ein steinkross frå kvernsteinbrotet i Hyllestad. Kunsthandverkaren Torbjørn Løland har gjort ei solid stykke arbeid, og vi er stolte og glade for å ha fått ein slik milestein ved Pilegrimsleia vår. Ved avdukinga knytte Pernille Østrem saman kvernstein – kornet – brødet – og Jesus som Livets brød… Det blei ei stor stund…. ei ei merkestund. 

Ei lita stund
delte vi stille tankar
med kvarandre
Steinane talte
fuglane song

I undring og glede

gjekk vi
vidare

Lys over Pilegrimsbygda Balestrand

Dagen blei vakker!

20150729_13284220150729_13261929. juli 2015 vil gå inn som den store Pilegrimsdagen i Balestrand si soge. Ordet pilegrim betyr ein som er i framandt leie. 40 pilegrimar gjekk seg saman til eit stort fellesskap. Vi blei vener i løpet av den 4,5 kilometer lange pilegrimsleia. Vi fekk godt og tenleg vèr….  dagen skein over vakker furuskog, majestetiske eiketre, lyngkledde svaberg og feststemte glade pilegrimar. Kva var vel meir riktig enn å stemme i med den norske versjonen av «An die Freude» … Til gleden!
Vandringa vart krydra med plantelære, kulturelle innslag og meditasjonssstunder. Høgdepunktet for oss var avdukinga av ein ny skulptur… Dette vil eg fortelje meir om i neste nummer av Pilegrimsnytt! Følg med, følg med!
Målet for pilegrimsvandringa var Kvamsøyna med den gamle kyrkja frå 1280 og Børtrehuset med skulpturen Børtreet. Begge desse høgtidsstundene vil eg kome attende til. Følg med, følg med!

Pilegimer.StartenTap for all del ikke lysten til å gå.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og kjenner at ikke én tanke er så tung
at jeg ikke kan gå fra den
(Desse orda frå Søren Kierkegaard (1813-1855) får stå som motto for alle pilegrimar.

Program for Pilegrimsdagen

29. juli 2015 i Balestrand

To pilegrimarIndre styrke 3PilegrimsmåletBøtreethusSlik vil dagen sjå ut for deg som vil vere med på Pilegrimsveg:
Klokka 1130 starar vi med transport til utgangspunktet for Pilegrimsstien

1200: Pilegrimstoget startar og fellesvandringa går med små stogg langs leia. Vi vil gje deg små innslag av kultur og ord til refleksjon. Ein pust i bakken under Tusenårseika unner vi oss. Einskilde av dykk vil kanhende gå i marsjtempo for seg sjølv, medan andre tar fleire stogg, anten for meditasjon eller tankeflukt. Vi har rekna god tid, og alle vil nå målet ved Ungdomshuset i Kvamsøy i god tid til ein lunsjpause før båtferd over til øyna.

1530: Kyrkjebåten startar med transport over til Kvamsøyna og vil gå i skytteltrafikk til alle er komne over:
1700: Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje. Song og musikk vil fylle den ærverdige, unike middelalderkyrkja. 
Medverkande: Prost Kjetil Netland, organist Diccon Pearce, musikkinnslag ved Sandra Pearce og Randi Fasmer. Gregoriansk song ved Eyolf Østrem.
Etter gudstenesta går vi i prosesjon til Børtreet. Samlingsstunda her vil  bli leia av Pernille Østrem og Arthur Adamson. Ei unik oppleving i lauvtrelunden. 

Mette på opplevingar avsluttar vi dagen med båtskyss over sundet og bilskyss tilbake til Balestrand.
Vi håpar du vil vere med oss på Pilegrimsveg!
Ei oppleving for livet!

Ynskjer du å delta,  kontakt meg, så får du tilsendt påmeldingsskjema med meir detaljet informasjon og økonomi.
Bjørg F Bjøberg
Fjærestad 44, 6899 Balestrand
Mob.: 915 62 842
E-post: bjoergfb@online.no

 

Pilegrimsdagen i Balestrand Olsok 2015

Tenk om…. Tenk at…..

Steinarbeid 2Tenk om alle statsmenn stod på rad parat til å starte pilegrimsvandringa til Kvamsøy 29. juli 2015! Det ville vore ein sensasjon! Førebels er ingen president mellom dei påmelde…..
Tenk om du kjem! Du kan dra dit du vil, når du vil. Tenk om du vil leggje turen innom til oss og gå på pilegrimssti!

Vi har i Balestrand og Sogn hatt utruleg mykje regn denne våren. La oss håpe at det vil ha regna frå seg til Olsok! Uansett; vi vil få godt og tenleg ver til vandringa. I fjor var det sol. Kva året vil bringe av vèr, veit vi heldigvis ikkje. Men vi kan garantere at vi vil gjere vårt beste for at dagen skal bli innhaldsrik og god. Vi har mykje å by på både undervegs og når vi kjem fram til Kvamsøyna. Det aller største er naturen sine rike gåver til vandraren. Steinane ligg klare for foten din å trø på. Kjempetrea dannar kulissar kring vandringavegen, fjorden dannar klangbotn for refleksjonar under vandringa og på Kvamsøyna slær vi opp kyrkjedørene for ei vakker gudsteneste og høgtid ved Børtreet.
Tørrfurua
I neste blogg kjem vi med programmet for dagen. Berre eit lite ord til deg til slutt:

Bakgrunn (Flere snitt)Du er unik
bare du
er du
Utan deg
vert plassen tom
Vi har alle
våre plassar
i det store rommet

Stad å sove for trøytte pilegrimar

Tusenårseika har ikkje soveplass til mange

Du som kjem til Balestrand for å vere med på Olsokvandringa 2015, har mange koselege overnattingsstader å velje mellom.
Nedanfor finn du eit oversyn over dei ymse alternativa:

Link til www.sjotun.com
Sjøtun camping er i gangavstand frå kai/ busshaldeplass, ca 1 km frå sentrum

Link til https://veganesetcamping.wordpress.com
Koseleg campingplass ved fjorden, 9 km frå sentrum.
Plassen har naturleg avgrensa område for bubilar, campingvogner og telt.

Link til http://www.sognefjord.no/de/Product/?TLp=145931
Esefjorden camping ligg lunt til inninder høge fjell i Esebotn, 4 km frå sentrum.
Har campinghytter og fine område for telting like ved den vakre Esefjorden.

Link til http://www.booking.com/hotel/no/balestrand.no
Balestrand hotel lgg i gangavstand frå sentrum.
Ein har panoramautsyn over fjorden, har eige strand og hage.

Link til www.booking.com/DragsvikFjordhotel
Dragsvik Fjordhotell ligg vakkert til ved innløpet til Fjærlandsfjorden,
ved ferjekaien, 8 km frå Balestrand sentrum

Link til www.booking.com/MidtnesHotel
Midtnes er eit tradisjonsrikt hotell, 10 min. gange frå sentrum.
Midtnes hotell har gjeve dette spesialtilbodet til pilegrimar:
[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Prisar gjevne pr. person
Overnatting i dobbeltrom 2 netter
Inkl. frokost og lunchpakke……………….NKr 1050,-
Tillegg for balkongrom……………………. NKr 200,-
Overnatting i dobbeltrom 3 netter
Inkl. frokost og lunchpakke………………. NKr 1550,-
Tillegg for balkongrom …………………… NKr 300,-
Enkeltromstillegg pr. natt ………………… NKr 200,-
Middag kan bestillast i resepsjonen om ynskjeleg
Pris kr. 295,- pr pers. Serverast kl. 1900[/toggle]

Link til  www.kviknes.no/
Kviknes er av dei ærverdige De historiske hotel
og ligg vakkert til ved sjøkanten i Balestrand sentrum.
Ta kontakt og du vil få eit Pilegrimstilbod.

Link til https://thuegaarden.wordpress.com
T
huegården ligg i sentrum av Balestrand.
Har nyrenoverte eittroms leilegheiter med bad, kjøken, TV og trådlaust nettverk.

Håpar du finn den overnattingsstaden som passar deg best!
Uansett kva du vel, vil du bli møtt av koselege vertar og teken hand om på beste måte.