Krystalldomen på toppen av huset gjev fritt utsyn til alle toppane som kransar staden. Ein må vere inne i domen for å oppleve energien frå det frie rom.
Det starta med en vill idé – det gjer gjerne det hjå oss. I dag har huset på kaien fått ein tilleggsdimensjon i høgda, ein krystalldom der det er rom for tankesprang og vidsyn. Ei vitjing til domen er høgdepunktet på rundturen i huset – ein guida tur der du får oppleve historiske tilbakeblikk kring kunst og kunstnarar, lokalhistorie og små overraskingar…
This post is also available in: English



























































