125 år!

Gamlevegen har 125-årsjubileum i Jubileumsåret for Grunnloven!

20130329_124548Ja, det er faktisk sensajonelt sant! Gamlevegen blei opna for 125 år sidan. Dengang klassifisert som ridevei i 2 til 3 alens breidde! Denne vegen var det vi fann restar av. Heldigvis at nokre vegstubbar unnslapp rasering då nyevegen kom på 50/60-talet. Eg vil inderleg håpe dei no får ligge trygt ’til evig tid’….
No er dei bunde saman til ein samanhengande trasé…. i og med Pilegrimsleden!  

 

 

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Endel Gammalt og nmyttAlmuesmænd i Tjugum Sokn hadde søkt om ‘å verta fri arbeidsplikt på vegen mellom Quambsøe og Balholmen for den luten som låg i Vik prestegjeld. Dei fekk fritak og for ei tid var vegen mellom Flesje og Engene (Engum) ‘nedlagt’. Men folk i Kvamsøy ynskte denne vegen bygd og i 1867 sende dei eit skriv til Amtet om å få opparbeidt ein 2 à 3 alens Ridevei frå Flesje til Lånefjorden. Veiinspektøren hadde kostnadsrekna ein slik veg til 621 spesiedaler og 90 skilling!… forutan naturalarbeid og fri grunn!…..[/toggle]

Gerd Jordanger, fødd i 1937, vaks opp i Kvamsøy. Ho fortel:
‘Eg hugsar at han Aodn Ola Målsnes kom køyrande til skulen med son sin, han Arvid, med hest og slede ein gong. Det var vinteren 1944/45 at det hadde kome omlag 1/2 meter snø ein morgon. Då gjekk Arvid og eg i første klasse. Arvid var åleine elev frå Målsnes i minste klassen, (det var to-delt skule den gongen). Det var tungt å gå den lange vegen i så djup snø for eit barn. Så Ola ‘brøytte’ vegen, og snøen låg lenge den gongen, så det vart lett å gå for alle som ferdast der. Folk gjekk til Livdi for å handla og henta post. Skulle dei handla sekker; mjøl, sukker og salt, så rodde dei ut.’….