Å fargelegge dagen

Fargeskrinet

Ordet har ein eigen klang; det gjev meg assosiasjonar om varme sommardagar, floraen i fargar, juleaftan med tre og stjerne…… Eit liv utan fargar er utenkjeleg. Eg ville fått abstinens uten dei daglege fargeklattane. Eg hugsar kvar ‘første skuledag’ best frå då vi fekk ny Timeplan der vi sirleg skulle skrive inn alle faga i kvar sine ruter. Det var høgtid i skulen då læraren las opp: første time Bibelsoge, andre time Rekning…. mest likt frå år til år, men alltid like sitrande spennande. Og så var det nye fargesett. KEMA heitte dei for det meste og det var 8 forskjellige fargar. Dei låg på bølgepapp, sirleg frå kvitt og heile spekteret til svart, og esken var av papp. Herlege fargar og lykkelege barn. Einaste som ergra meg, var at det var kvitfarge, mest ubrukeleg, men ikkje hudfarge. Menneska blei anten kinesarar eller bleikansikt. Men elles var skuledagen lukkeleg. Spesielt viss eg klarte å vri inn noko med fargar i andre timar enn teiknetimar. Lærar’n (han pappa i mitt tilfelle) vat glad i å teikne sjølv, han, så det blei mange timar med høve til å bruke fargar. Største gåva eg fekk i barneåra, var Deventer fargeeske med 24 forskjellige fargeblyantar! – og ein var hudfarge!

Dagen din
han er her og no
Er han grå, fargelegg han med intuisjon og lød
Er dagen lys, lagre lyset til tunge dagar
Er dagen kald, kan du varme deg
på solstrålene frå i går
I kvar dag ligg gøymt
ei strime av lys

Høstvev-1

 

 

This post is also available in: English