Den menneskelege stemme…
det edle instrument
Kultur er å odle eller dyrke… det er kultur i å synge…saman med andre eller åleine. Bass og tenor, alt og sopran… når dei verkeleg syng saman og ikkje kvar for seg, då vert det ei oppleving å lytte til…. Vilje, kunnskap, musikalitet, terping og tolmod; stemmene må ‘sitte’, elles vert det surt. Men framfor alt: ‘sangens vell fra hjerte går, og til hjerte kommer’…. Song frå hjarte, ektefølt formidling kan dekkje over skeive tonar. Å syngje ute … t.d. 17. mai på Haugen .. er ei nasjonalkulturell stor utfordring; Ute har ein ofte fleire som foreinar seg med koret… slik spontant.. så som fuglane og vinden, eller regnet, fjella og fjorden Det er fest!…. Småborn som syng i julekvelden… akkompagnert av lette snøkorn….Småborn syng naturleg reint og dei syng med heile seg… frå hjartet. Desse to småjentene på julekortet kjem syngjande nedetter Jordmormatjavegen…. stjernene funklar om kapp med barneauge…. vindaugo lyser og viser leia… hjartene fryder seg og sprer glede… og inspirerer til å slå følgje…
Barn i jula
I jula
er vi alle
barn
Snille og gode
smiler til gaver
og hverandre
Tenk om
jula varte
hele året
::