Forventning
…som barn venta og venta eg på jula… pakkar (eg visste kor dei vart gøymt og hadde oppteljing mange gonger for dagen)…. julefest med gang om treet; det var som noko magisk ved dette å halde kvarandre i hendene og gå kring grana som vi hadde vore med å pynta i skuletimane…. nokon nye korger blei laga kvart år…. Som vaksen og mor til mine eigne barn låg forventningen i å få ferdig julekjolar og dressar… sjå på borna si forventning; julebakst med kakemenn og damer, nokon tynne og nokon tjukke….nokon lika deig betre enn kaker…stovebordet fullt av glanspapir for julepynt, meir og meir forseggjorte og vanskelege å flette etterkvart som finmotorikken blei utvikla…. stova var mest som ein julenisseverkstad i adventstida…. sjå borna si glede over å lage julegåver til mamma og pappa og syskjen og heile veneflokken…. julekvelden med kyrkja på Sæle og heim til pinneribbelukt over heile huset…Raud juleduk og nypussa sølvtøy og raude lys i sølvstaken.. Juleevangeliet….spenninga ved julegåver tok all matlyst frå dei minste….. gang om treet…vi trengde gjerne eit par dokker for å nå rundt: tre julesongar…… O, sæle julegåver! ….pakkeopning gjekk etter faste reglar: ikkje opne neste pakke før alle hadde sett og beundra den siste…….når pakkane under treet var opna og alt papiret rydda bort i kvar sin krok…. Herlege julerot og tindrande barnejuleauge…..
Å bli som barn igjen
Vert du som barn….
kan du sjå englar i lystig dans i snøkrystallar
augnar du regnbogen i stjernekald vinternatt
kjem englar dalande i skjul på høglys dag
Barnet..
ser med klåre auge
høyrer med vare øyre
Finn att barnet
det glade
det forventningsfulle
det med klokketru på eiga skaparkraft
det med julekveldstindrande auge
Og fryd deg over det
:::::::