Adventvent 20

Kva er det eigentleg med julesongar….

som gjer deg så hjarteglad og varm? Fordi du song dei som barn? Fordi du hugsar korleis det var å gå kring eit pynta juletre saman med dine eigne forventningsfulle barn…….. Kanhende alt kjem ned til det faktum at vi gong etter gong feirer det vesle barnet som kom til oss; det var så trendsettande at ‘heile verda’ blei med i lovsongen…. dette var endåtil før twitter og facebook og soundcloud og eg veit ikkje namnet på dei… kom og redda informasjonsflyten for oss…. Gloria in excelsis… Ære til Gud i det høge…. Forstå det? Viss det hadde vore så enkelt at vi kunne forstå det med vår tidsavgrensa forstand, ville det ikkje vore av ein slik karakter at det hadde skapt verdssensasjon….då…og no 2000 år etterpå…….
I går kveld song vi for våre sambygdingar som bur på Helsetunet…. den mest meiningsfulle konserten i året! Nokon ser dårleg, men dei treng ikkje sjå for å gjede seg over dei gamle juletonane…. nokon høyrer ikkje så godt lenger, men dei følgjer med på stemningen ….nokon har mista evnen til å tale, men syng med av full hals og hjarte …. nokon sit fastlenka til rullestolen og nokon sit fastlenka til fortida…. De mest meiningsfulle måten å nytte eit par timar ein adventskveld…

Alder
Eit tre som veks
får nye skot
og nye greiner
år for år
Kruna femner vidare
Sår i barken
visne greiner
ein og annan misvekst
eitt og anna villskot
Teikn på levd liv
Hald kruna høgt
ver stolt av dine sår
: : ::: : :