Adventvent 4

Engledans og englesnø

Det skulle helst vere snø og snø, gjerne nysnø av og til, og den måtte dekke over alt som minte om andre årstider. Eg syntest ikkje noko om strå stikkande opp av snøteppet. Utpå seinhausten når gradestokken oftare var under null enn over, var slutten kveldsbøna, før amen: ‘Kan du ikkje la det kome snø i morgon?!’ Viss han venta til ut i november med å drysse den første snøen utover jordene, var det lovleg seint…. Eit godt teikn var det når elva fekk iskappe! ……… Så ein morgon var verda kvit!……… Var eg så heldig at det hende seg på ein mandag, onsdag eller ein fredag, kunne eg nyte kvart korn av nysnøen ; heile dagen fri!….for det var det storeklassen sine dagar. Eg som budde på skulen, var så heldig å ha leikekameratar i alle friminutt…… Men oftast kom den første snøen utpå ettermiddagen…..med skumringstimen…… Då vart det mest som andakt. . . . Ein undrast over om englar finnst, det er ikkje for meg å svare. For oss var ikkje det noko særleg viktig spørsmål… vi berre laga dei…..som den mest sjølvinnlysande sak i verda….

Englar i snøen var vi
då vi var små

Vi låg i den kalde mjuke snøen
….det måtte helst vere nysnø
som eit nystokent teppe….
og laga englar i tusental
med slette vengjer eller med blondekant
Så reiste vi oss varsamt
….og steig så langt vi kunne til sida
måtte ikkje øydeleggje kjolen….
Etterpå hoppa vi frå engel til engel
og laga engledans i snørommet
– det var ikkje synd å danse når ein var engel –
Men det beste var å leggje seg i ring med englane
og sjå like inn i himmelen
med stjerner og stjerner så langt auga rakk
– og der utanfor var den verkelege himmelen
visste vi…