Adventvent 8

Handa hans far

Det er 1. juledag for 63 år sidan. Småjenta fekk vere med Papa på besøk til Bestemor og Bestefar. Togreisa var fest! Frå eg forventningsfull stod på perrongen og hørte toget tuta bakom svingen….Toget var Verden! Vart vi tørste, var det berre å skjenke vatn frå dei vakre karaflane høgt på veggen. Ved sidan av ei svart hylse med vakre små pappkrus som var bretta som eit foldeskjørt! Eg var ofte tørst; likte så godt krusa. Det var stopp på alle stasjonane, så det vart ei endelaust lang reise. Seks mil …. i mitt minne var det ei dagsreise. Med mykje togfløyte og ‘Ta plass, lukk dørene!’ og ferdafolk som gjekk av og som steig på… alle skulle på julebesøk til slekta. Ei jente sat framføre meg, ho hadde mørkt, krølla hår, og var så vakker. I min fantasi heitte ho Lise; eg kalla opp ei dokke etter henne…  Og konduktøren ‘Får jeg se billettene, takk’, etter kvar stasjon. Billettane var små fine kort, med hakk i kanten etter tonga; eg samla på dei og las dei oppatt mange gonger. ‘Vi ankommer om få minutter Gol stasjon’… Poesi! …. Så var det Ruta med Resen vidare opp gjennom dalen. Vi steig av ved Grønlibrui, og eg leidde far ved handa. Granene vinka med snøkledde greiner, det var skjøment, dagen gjekk inn mot kvelden. Vegen vart lang for små føter; det var godt med ei hand å halde i. Tre kilometer er endelaust når ein er knapt sju år…. og det er bitande kaldt. Så endeleg ser eg det…. Bestemorhuset vinkar til oss med smårutete vindauge… og beina får vengjer! … ‘De får væra vælkømen, då…’ ….sirupssnipp og goro, tebrød og fattigmann, strull og rosettbakkels….. eg var midt i Juleeventyret ….. men best hugsar eg den trygge handa hans Papa…