Akvarell i grøfta

Vegkanten gøymer på store løyndomar, berre bøyg deg litt ned…..

Tiriltunga imponerer meg! Ho har ikkje frykt for nokon ting. Ho har veksestader ingen skulle tru at nokon ville overleve: I vegagrøfter lyser ho opp, riktignok ofte i ly inder kappa til Maria, men jorda er skrinn og fattig. Så vågar ho seg like inn i asfalten ved landevegens grøftekant. No og då vågar seg tilogmed ut i vegbana og står utsett til både for støvelhæl og bilhjul. Ho står ikkje tilbake for løvetanna i styrke. Som denne klarer ho å ete seg innover og innunder den grå asfalten. Ja, ho er nær trafikkfarleg, både i sin ynde og sitt mot. Men ikkje sei det til Statens vegvesen, for då kjem dei og sprøyter….

Nøysam
men ikkje beskjeden
er ho – lille Tirilil

.. og vi går ut i dagen
i undring over småe under..

..Ha ein god dag, du óg..

This post is also available in: English