Akvarelltankar

Torneroser

Refleksjonar over berget som forsvann

Du blir vant til å sjå på naboane dine – kvar dag. Dei vert eindel av ditt liv. Eg er glad for godt naboskap. Denne sommaren blei for meg eit farvel med ein god nabo: Berget som forsvann ut av synet og livet mitt. Det blei rett og slett sprengt bort, bit for bit. Alle blomane som vaks oppetter bergesida, inni sprekker og langsmed vegagrøfta og forskjønna dagen min, er borte. No er dei ein del av mitt indre syn. Sorgprosessen førte meg inn i ein ny akvarell. Kvar dag veks nye blomar fram, og eg vil gjerne dele med deg, bit for bit. Når akvarellen blir ferdig, er berget på nytt ein realitet. Det er langt att, papiret er kvitt….ligg framfor meg og ventar…..

gledesmerte jagande gjennom livet
smerteglede ilande gjennom sinnet
gleden og smerten
er to sider av same sak
å gå ut av smerten
og inn i gleden….

… og slik gror nye gode naboar inn i livet ditt…
men dei gamle vil alltid vere ein del av naboskapet