Den store opplevinga i sommar…

Velkomen til Pilegrimsvandring Olsok 2015!

20130329_123739Blir du med på Pilegrimsvandring i Balestrand? Naturen på denne staden er unik, både for å vandre i og for å ta inn gjennom syn og sansar…  Dette er staden for rekreasjon og ettertanke. Gjennom vandring i Guds frie natur, båtferd over det vesle fjordstykket til Kvamsøya, Pilegrimsgudstenesta i kyrkja og vitjing til Børtrehuset med skulpturen Børtreet… alle desse elementa gjev kropp og sinn ny næring. Alle treng vi å lade opp batteria ein og annan gong.

29. juli er det duka for ny vandring til den ærverdige kyrkja på Kvamsøy. Sjølve pilegrimsstien er vel fire kilometer, og går gjennom variert og vakker Vestlandsnatur. Vi vil helst ha solskin, men vandringa er like vakker om det kjem nokre dropar av livgjevande regn.
Vandringa til fots med pausar undervegs tar omlag tre timar. Frå Balestrand sentrum til starten på stien syter vi for skyss og vi har også kyrkjebåt over til Kvamsøya. Detaljert program for dagen kjem i neste innslag i ‘Pilegrimsnytt’.
KvamsøyPilegrimeer&Børtreet

This post is also available in: English