Det er så mange hendingar i bygdom komne til……..

Tusenårseika ved Pilegrimsstien

Dei ‘store’ pilegrimsmåla, slik som Mekka, Jesusalem, Santiago de Compostela, Cavadonga, Iona….har mykje til felles når det gjeld sjølve vandringsleia… det finnst skulpturar, kross eller andre ‘merke’ langs vegen. Pilegrimsleden frå Balestrand sentrum til Kvamsøy har ein særmerkt naturleg skulptur: Målsneseika. Ho er unik, ho er eitt an dei eldste trea i Noreg!

‘Treet på haugen’ har ein særeigen dåm over seg. Dette treet var planta eller sådde seg sjølv   f ø r   Noreg var samla til eitt rike! Eika har vore vitne til mang ‘ein trufast træl’… har sett ferdafolk frå framande land fare forbi utpå fjorden. Kong Sigurd stemna inn og kanhende kasta han eit blikk på den unge eika og bad gjerne ei bøn for folket sitt og landet…. Ho har fått med seg dei fleste ‘hendingar i bygdom komne til’… har sett merkesteinar verte sett i jorda, ungar har leika rundt stomnen og klatra i greinene…. kruna har gjeve  livd til utegåande sauer og mang ein trøytt arbeidskar har sett seg ned eit bel og kvilt ryggen sin mot den trauste stomnen… sjølv om ‘vinden tok om toppane’ og mangt eit stormkast har prøvd krefter mot treet… Tusenårseika på Målsnes står!

20131027_131837‘Å forvalte sitt pund’ er eit gammalt uttrykk som enkelt froklart er å bruke sine talent eller eigneluter på rett vis. Her ser vi døme på dette  rett framfor augene våre. I arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand har vi opplevd at grunneigarar velvillig ‘deler’ naturperler med oss alle. Vi opplevde det på Kvamsøyna, slik eg i ein tidlegare blogg har fortalt om. No opplever vi det med grunneigarar langs pilegrimsleia; dei ser verdien det vil få for bygda….samfunnet i vidare forstand….dei har auge for at ved å bidra… og dra i flokk, kan ‘storverk bli fødd’… i moderne språkdrakt: det er ein ‘vinn-vinn’ situasjon….
Så lagar Jørgen og hans menn ein fin port i gjertdet frå utmarka.. og ein sti vil føre vandraren ned til ei stille stund på haugen…og kanhende vil han finne att noko av meininga med at han er her nett no… Under den ærverdige eika… og går han inn i treet, kan han tilogmed oppleve å sjå himmelen…

 

This post is also available in: English