Ei god stund

Bla i minneboka

– Eg har så dårleg tid – Tida går så fort – seier vi og høyrer vi, og det er sant; men relativt. Eg besøkte ei god venninne i går. Ho var medstudent, då vi som godt vaksne tok ‘spesialpedagogikk’. Ho hadde nokre års lengre fartstid i skulen enn eg, så eg fekk nok meir enn eg gav. Vi hadde kollokviegruppe saman og før eksamenar jobba vi i lag. Det var gode tider med gode stunder….. No har ho blitt sett ut av det pulserande livet; ho puslar i sine eigne, noko forvirra tankar, sit på helseheimen og har all verda av tid. ‘Det er ikkje sikkert ho hugsar deg’, sa dei til meg før eg gjekk inn på rommet hennar. Stort var det, då eg gav henne handa til helsing, og ho sa: ‘Bjørg’, med eit usikkert lite smil. Det var ikkje så lang stunda eg sat der, praten gjekk ikkje livleg som i ‘gamletida’. Eg var ikkje heilt i hennar verd, eg kjende meg litt handikappa. Men vi har ei delt historie, og den låg bak i det vi fekk dele. Så vart det ei god stund; det var eg som fekk mest, denne gongen óg. Takk, Johanna!

Ei god stund
er eit godt steg
på vegen vidare
Ha ei god stund i dag