4. februar 2014 er ein spesiell dag!
Å lage ein pilegrimsveg… det er stort, det! Vi har mange startdagar i dette prosjektet vårt. I dag er starten for preparering av ein ny parsell av leden…. den som leier til den riktig gamle bygdevegen ut mot Kvamsøy… den som allereie ligg der, klar til å vandre på. Trekløveret Jørgen Hundseth, Ingvar Åberge og Arthur Adamson var uti marka for nokre dagar sidan for å merke traseen. Idag er dei to sistnemde i gang med rydding. Stien skal liggje fin og godt i terrenget og han skal vere god å gå på. Små justeringar… nokre steinar er gode å trø på, medan andre må ein snu litt på eller flytte vekk. Minst mogleg inngrep i den vakre skogsnaturen…
Skogen er full av tre, alle er vakre og nokre er heilt spesielle… dei plukkar vi ut til ‘Merketre’ og lagar ein liten soppestad…med ein kvilebenk kanhende… Eit av dei mest særmerkte trea er Tusenårseika. Den vil eg skrive ein eigen blogg om seinare…. Dette vesle innlegget er mest for å fortelje at vi er godt i gang… mykje arbeid står att, men jammen har vi lagt mykje bak oss, også….
Mjuke tonar
møter deg
i morgondoggen
Grip ein strofe
og ta han med deg
på vandringa
ut i dagen
[box type=»note» style=»rounded» border=»full»]Pilegrimsled er ein turveg, sti eller veg som fører fram til eit mål av spesiell religiøs/ kristen karakter. Hos oss i ‘Pilegrimsvandring Balestrand’ er Kvamsøya og kyrkja og Børtreet eitt av måla. Sjå elles linken: http://no.wikipedia.org/wiki/Pilegrimsleden[/box]