Det er opplest og vedtatt at november er grå.
Ja vel, det regnar og det blæs. Det er vanskelegare å oppdage fargespekteret på slike dagar som i dag. Ein må sjå med hjartet meir enn med augene. Då kjem det fram fleire grøne nyansar i eviggrøne tre. Det er overraskande mange fargar på fjorden, frå djupe blåtonar over i lilla og til alle sjatteringar i grått: rosagrått, grøngrått, blågrått, og ikkje å gløyme gulgrått og lysegrått og eggegrått (eg er ikkje sikker på korleis den fargen ser ut, men eg trur den er eggjande). Vidare har du grårosa, grågrønt, gråblått og grågult! Til slutt i denne gråe regnversdagen vil eg nemne gråkvitt. Det er favoritten! Den fargen inneheld alle dei andre.
For ei novemberlukke!