
Indre styrke
Categories: Ukategorisert
Flytte fjell
Sherpaer hadde vore det store!
Deler av stien har vore utfordrande; den einaste moglege traseen har vore for bratt! Korleis skal vi kome oss opp? Eg tenkte ….. hadde lese om sherpaer i Luster; enn om vi kunne fått dei hit! Eg tenkte høgt, og Jørgen hadde eit lite smil om munnen….sa ikkje noko….
Neste gong vi gjekk ein tur i stien, ja, så fekk vi ro, som i songen; for d e r var det kome ei steintrapp… og ei til! Ja, den Jørgen, du! No også som sherpa! Er det nokon sak? Her har vi fire staute karar, Jørgen, Arthur, Erik og Ingvar, som på kvar sin vis gjer ein utruleg innsats for STIEN… Dei sagar og ryddar og finn gode snuingar på stien, slik at han skal bli god å trø, så ikkje forten skal vakle……
Indre styrke
Om du har
is i magen
brann i hjartet
vakent auge
og kvasst syn
om du i tillegg har
klår hjerne
og talefør tunge
Og om du unner deg
ro for tanken
Då kan du
flytte fjell
Ved kvart storarbeid
må ein starte i det små
Skal du klatre i ein stige
må du alltid først
det første trinnet gå
Klikk på ‘Open me’ så får du programmet for Olsokvandringa i Balestrand…
28. juli: Ankomst utover dagen 29. juli 30. juli 31.juli:Open Me
Om kvelden: Festleg samver med konsert, film og informasjon
Pilegrimsvandring til Kvamsøy
Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje
Avduking av ‘skulpturen ‘Børtreet’…signing av Børtrehuset
Pilegrimsvandring til Tjuatoten
Alt opplegg for dei som ynskjer ei mindre utfordrande løype
Avreise
This post is also available in: English