Juleglede 3

Den eviglange dagen….

I min barndom – på 50talet – var ‘De ti bud’ LOV i einkvar heim ….. og i tillegg nokre andre bodord og påbod og reglar om dagleg liv og levnad. For oss ungane sette desse reglane uforståelege avgrensingar på aktivitet, somme tider. Førstedag jul var ein lang dag! Vi fekk nemleg ikkje lov til å gå ut. Her hadde vi nye ski eller kjelker som vi brende etter å få prøve…. var det nysnø, gjorde det rett vondt….  Vi hadde fått nye klede som vi ville syne fram til venninnene. Alt eg tigga og bad, nytta ikkje. Far var streng, og mor var søndagsskulelærar, så vi måtte vere gode eksempel i bygda……..Tolmodet vart sett på mang ei hard prøve… og eg hadde mang ein hard argumentasjon med min strenge Fader…. .I ettertid ser eg korleis dette har sett preg på oss…. Vi lærde respekt for det heilage…. og det har vi då ikkje hatt vondt av….


Arven
Den beste arven
frå dei som gjekk føre
er å eiga minnet om
ei god mor
ein omsorgsfull far
ei mild bestemor
og ein rettlinja bestefar
Den arven gjev velsigning
i tusen foll