Juleglede

Det store gloria

Det var songarstemne…i Balestrand…..songaråret sitt klimaks. Veslemøy på 7 fekk vere med på den store konserten i gymsalen på Statsrealskulen. Alle kora vart lytta til men skarpt øyre og vakent blikk. Så kjem det.  .. det er frå barnemunn ein får høyre det beint fram utan omsvøp: Hør på henne som syng så falskt!… Gode råd dyre, kva skal ein svare for å hindre katastrofe… Eg kviskra inn i øyra hennar: ‘Hør på dei tonane som er vakre, istaden!’ … og dei fleste tonane var vakre!
Englehæren song for hyrdingane på markene utanfor Betlehem… det høyrer vi kvart år. Eg undrar meg på om ein av englane i iver og glød song litt falskt…..  Det står ikkje i skrifta, men eg trur gjerne det. Men hyrdingane… då dei fór inn for å fortelje om englesongen, nemde ingen ting om falske tonar. Dei fortalde om det fantastiske dei hadde opplevd…… Når ein har hjartet med, vert tonane vakre. Vi kan alle vere med i det store gloria…med kvar våre stemmer…. 

Gloria in excelsis Deo
Ved dag og ved natt
ved morgon og kveld
… bømande sommar og spirande vår
glødande haust og snøkledde vinterdag…
kling tonen til Guds ære