Klatre i akvarell

Akvarellen klatrar, samen meg meg, og sakte, men sikkert kjem vi oss oppover…..

Å høyre til, å vere ein del av ei større samanheng, er godt og viktig. For meg er akvarellen ein del av livet. Som å puste. I akvarellen ligg mange ord, nokre usamanhengande, nokre kjem saman til ei meiningsberande tekst. Ei historie. Om liv og dagar, naturen og alt den gjev av små og store opplevingar, små og store hendingar. 

Kvar får eg inspirasjon frå?
– frå sinn og tanke
frå ditt opne blikk
frå barnets latter og vidundrelege undring
frå ei varm berøring frå handa til ein ven
frå tåre på kinn og dogg på blad
og talande blomar, skinande steinar

Inspirasjon er berre eit anna ord
for hardt arbeid
med glede