Dagen blei vakker!
29. juli 2015 vil gå inn som den store Pilegrimsdagen i Balestrand si soge. Ordet pilegrim betyr ein som er i framandt leie. 40 pilegrimar gjekk seg saman til eit stort fellesskap. Vi blei vener i løpet av den 4,5 kilometer lange pilegrimsleia. Vi fekk godt og tenleg vèr…. dagen skein over vakker furuskog, majestetiske eiketre, lyngkledde svaberg og feststemte glade pilegrimar. Kva var vel meir riktig enn å stemme i med den norske versjonen av «An die Freude» … Til gleden!
Vandringa vart krydra med plantelære, kulturelle innslag og meditasjonssstunder. Høgdepunktet for oss var avdukinga av ein ny skulptur… Dette vil eg fortelje meir om i neste nummer av Pilegrimsnytt! Følg med, følg med!
Målet for pilegrimsvandringa var Kvamsøyna med den gamle kyrkja frå 1280 og Børtrehuset med skulpturen Børtreet. Begge desse høgtidsstundene vil eg kome attende til. Følg med, følg med!

Jeg går meg til mine beste tanker,
og kjenner at ikke én tanke er så tung
at jeg ikke kan gå fra den
(Desse orda frå Søren Kierkegaard (1813-1855) får stå som motto for alle pilegrimar.