Morgonar set spor
Korleis blir denne morgonen…..alltid like spennande
Vert han sollys med raudnande vakkert fargespel på fjorden?…. Vil dei blågrå skyene gøyme solstrålene!… Kanhende ligg skodda tungt ned på åassidene og fjord og alle fjell er eit syn bare i vårt indre … Vi veit dei e r der….
Slik var han, denne morgonen. Skoddeteppet glei sakte ut frå Fjærlandsfjorden… og møttest midtfjords med teppet som låg over Vangsnes. Det var eit mildt samantøt, mest som ei omfamning… og fjorden anda fred. I slikt eit utsyn vert tankane ikkje uroa av mangetusen fargeinntrykk …. ord set seg saman inne i hugen…. nokre usamanhengande tankar flyt saman og vert til tankerekkjer….
Går tida?
Tida renn aldri frå deg
du fyller kvart sekund
med tankar og gjeremål
nokre trivielle
og lite av det storverket
du drøymde om
Ei tid er for slike
og ei for dei meir
himmelstormande
Alle verk – store som små
vert gjort i sekund av tid
Dette sekundet
tel og fortel