Det kvite arket…. den nye dagen
Eit reint kvitt ark ligg framfor meg… eg har planlagt kva eg skal fylle det med; det skal bli eit praktverk…for mitt indre blikk er det allereie der, motivet er der! Alle linjer er på plass. Alle fargar har fått den rette glød, alle nyansar er nøye målt til… Lyset inn i skuggen og skuggen inn i lyset. Ord og tankar har fått plass innafor arket sine rammer. Alltid tenkjer eg…. ved kvar ny start: Lukkast eg denne gongen, tru….
Slik er det med dagen vår óg…. Frå morgonen har vi han framfor oss, og vi skal fylle han, anten med fysiske gjeremål, som jobb eller pensjonistsyssel, med småord til naboen, ein telefonsamtale, handel og vandel….. gode tankar skal sendast, kanskje og nokre ord på eit kort i posten, gammaldags og godt…. Blir det solskin i dag, eller må vi klare oss med solskinet i går… og det som skal kome… Himmelen er fylt av skyer. Så får vi oppleve at solstråler kjem på så mange slags vis og solstråleenergien kan lagrast….
Eit bilete er som ein dag
Den nye dagen
lyser over kvar liten ting
over den lille snøstjerna som glitrar til deg
over hustaket til naboen tvers over vegen
over den nakne bjørkeskogen som strålar burgunderraudt attende
over den viltveksande oreskogen som strålar i grøne nyansar og spår om vår
over raudstrupen på fuglebrettet
og du spør om du nokon gong har sett slik ei raudfarge før
over Gulleplet …. så endeleg du trur på segni om gullskatten
over den største av Spenadne så du verkeleg veit korleis forgylt snø ser ut
og så byrjar dagen
min
og din
og han blir slik du skapar han
vakker