'Klåre vinter' Vindreken ved Esefjorden

Mere fjell

‘Har du sett eitt, har du sett alle’ (overhørt i ein samtale mellom to turistar!)

For nokre år sidan stilte eg ut saman med fotografen Johan Brun. Han hadde ein del bilder som høyrde til utstilliga ‘mere fjell’ … Denne titelen talte til meg og har følgt meg seinare…. Norske songar med islett av fjell finn vi i fleng ….Dei gamle fjell i syningom…. det er noko traust og stødig ved desse monumenta …… ‘høge fjell gjer himlen trong’ ….heiter det. Ei lita omskriving….. ‘høge fjell gjev ein høg himmel’  ….vi må vende blikket så høgt vi kan, då får vi faktisk ei kjensle av at himmelen er høgare….

Dei fjell og dei dalar som vi ‘i den fyrste ungdom såg’, vert med oss heile livet…. tilliks med Bibelsoga og Katekisma og Landstads reviderte…. Eg har tvillingfjella i Hemsedal, Storehødn og Veslehødn, som min barndoms desiderte ‘toppfjell’. Barndommens fjell gjer eit inntrykk i hugen som aldri forsvinn. Førti års liv ved fjorden i Sogn set spor. Alle buktingar i landskapetog alle nye fjordarmar som banar seg lei inn i landskapet, gjev fjell framside og bakside, alt etter som kvar du bur. Alle vil vi ha ein bit av eit fjell i eige…

fjellSola glitrar på snøkrystallane
og gjer den kalde vinterdagen
3 grader varmare
og 100 % lysare

Naturen andar av
stille fundering
og vidopen
forundring

 

Vindreken er eitt av dei mest markante fjella ved Sognefjorden. Det har eigentleg tre toppar, den inste er 1273 m o h. Spesielt i vinerham kan ein sjå eit løvehovud i teikningar i fjellet.

This post is also available in: English