Mellom bakkar og berg
Amerikanaren kan ikkje heilt forstå at vi kan overleve den lange vinteren. Når dei spør ‘kor mange menneske bur i Balestrand’ og eg svarar ‘1350’…. så er ofte neste spørsmål: ‘Kor mange bur her om vinteren?’ og dei undrar seg…. Då pleier eg av og til svare med å syngje eit par vers av Mellom bakkar og berg til dei… ‘men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand’ Det er rett og slett slik at våren ligg på lur innunder bringa vår, heile den lange vinteren igjennom… Somme tar ein soltur til syden, men når våren kjem med alle sine dufter og syner; det spirer i blomebed langs veggen og det grønkast i lier…. då kan han ingen stad venare sjå….
Her stoggar eg
i den daglege vandringa
og ser verda
frå ein annan vinkel
Strålene frå sola
tar eit venleg streif
over bergknausen
…
men det ligg jo i skuggen!?
…
Ved nærare syn finn eg svaret:
Det var eit venleg menneske
som gjekk forbi
og gav meg eit godord
..den store forskjellen..