Vente og vente lenger

Vente, saman med mange, gjev ein ny dimensjon til dagen.

Mykje interssant kan kome ut av eit par timar i kø. Vi har eit felles mål, det knyter oss saman på ein spesiell måte. Vi veit kva vi går til, – vi ville inn til Edvard Munch – men vi visste ikkje om våre forventningar skulle bli innfridd. Dermed ligg det og svevar over heile køen ei felleskjensle: noko usikkert, noko udefinert; men alle vi som stod i køen denne klare haustdagen, visste med oss sjølve, djupt inne, at vi ville kome ut igjen ei spesiell oppleving rikare. Og vi var saman om den. Eg trur at Åsmund, dottersonen min på 12 år, når han blir godt vaksen eller gammal, vil tenkje tilbake på denne dagen og seie: Eg gjekk på ‘Munch 150’ saman med mamma , Tante Veslemøy, Arthur og Mormor. Det var litt av ei oppleving vi hadde den dagen!

Vi skulle gjere meir saman her i verda!

Helg og kvardag
kvardagskleda
vert høgtidsskrud
ved glede over
livsens småting