Tenk om…. Tenk at…..
Tenk om alle statsmenn stod på rad parat til å starte pilegrimsvandringa til Kvamsøy 29. juli 2015! Det ville vore ein sensasjon! Førebels er ingen president mellom dei påmelde…..
Tenk om du kjem! Du kan dra dit du vil, når du vil. Tenk om du vil leggje turen innom til oss og gå på pilegrimssti!
Vi har i Balestrand og Sogn hatt utruleg mykje regn denne våren. La oss håpe at det vil ha regna frå seg til Olsok! Uansett; vi vil få godt og tenleg ver til vandringa. I fjor var det sol. Kva året vil bringe av vèr, veit vi heldigvis ikkje. Men vi kan garantere at vi vil gjere vårt beste for at dagen skal bli innhaldsrik og god. Vi har mykje å by på både undervegs og når vi kjem fram til Kvamsøyna. Det aller største er naturen sine rike gåver til vandraren. Steinane ligg klare for foten din å trø på. Kjempetrea dannar kulissar kring vandringavegen, fjorden dannar klangbotn for refleksjonar under vandringa og på Kvamsøyna slær vi opp kyrkjedørene for ei vakker gudsteneste og høgtid ved Børtreet.
I neste blogg kjem vi med programmet for dagen. Berre eit lite ord til deg til slutt:
Du er unik
bare du
er du
Utan deg
vert plassen tom
Vi har alle
våre plassar
i det store rommet